Det er oftast ein lang og vanskeleg prosess før nokon tek steget og avviklar. Nokre av årsakane kan vera til dømes ønske om ordna ferie og fritid.
Dessutan er mjølkeproduksjon dårleg betalt i høve til arbeidsinnsatsen, og mange må då ha arbeid utanom garden for å få det til å gå rundt økonomisk. Fleire bønder står også ovanfor å måtte investere større i driftsapparatet, og dei ser seg ikkje i stand til å ta opp store lån. I tillegg er bondeyrket for mange ein einsam arbeidsstad, seier ho.
Korleis ser framtida ut for mjølkeprodusentane i Valdres?
Akkurat no ser det faktisk litt mørkt ut. Mange sluttar, og dette er alvorleg for bygdene og næringa. Den negative utviklinga innan landbruksnæringa vil det ta tid å snu. Eg meiner det er framtid for mjølkeproduksjon i Valdres, sidan vi bur i eit grovfôrområde som eignar seg for dette. Eg trur produksjon av mat blir meir verdsett framover. Vi har eit aktivt og sterkt samvirke i tillegg til satsing på lokal merkevarebygging i regionen.
Men kva synest Tine om nedleggingane?
For Tine som samvirkebedrift er det negativt for kvar produsent som blir borte. Tine mistar eit medlem, produsentmiljøet mistar ein viktig del av fellesskapet, og industrien vår kan komme i mangel på mjølk. Det er også negativt for regionen. Kvar bonde tilsvarer mykje verdiskapning med ringvirkningar langt utover eigen produksjon, seier Thorvik Ulven.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke