Mistar 600.000 i året
I dag har dei fem vanleg gardsbruk med til saman 60 mjølkekyr og får dermed også fem driftstilskot for mjølkeproduksjon, fem dyretilskot og fem avløysartilskot.
Når vi slær fjøsa våre saman til eitt, fører det til at vi berre får eitt av kvart av desse tilskota. Difor er rammevilkåra for å tenkje stort på denne måten ikkje gode nok her i landet. Dette synest eg er urettferdig, seier Olav Ellingbø.
Vi fem gardbrukarane tapar til saman over 600.000 kroner per år i statlege tilskot fordi vi tenkjer nytt og slær oss saman. Og det er så absolutt ikkje nokon økonomisk gulrot som gjer at vi går saman og byggjer på denne måten, seier Boye.
Kvifor gjer de det då?
Dette er vår måte å møte framtida på. Men vi føler vi blir straffa økonomisk for å prøve å møte dei utfordringane som styresmaktene legg opp til og ynskjer.
Verd satsinga
Men er det verd satsinga?
23-åringen Øyvind Leine-Thune skal ta over garden til faren, Nils, på nyåret, og er sjølv entusiastisk og aktivt med på fjøsbygginga. Han svarar kontant:
Eg hadde nok ikkje villa overteke mjølkeproduksjonen om ikkje dette fjøset hadde vorte nokon realitet. I dag er dei økonomiske vilkåra slike at ein må ha jobb i tillegg for å kunne drive gard. Dette fjøset er i realiteten med på å redde mjølkeproduksjonen på fem gardsbruk. Eg meiner det er verd å satse, og mat må vi ha, seier Øyvind. Også hjå Olav Ellingbø og Helge Lajord er det snart yngre krefter som skal overta.
Olav: Eg håpar vår satsing kan vera med å gje ringverknader og ein positiv effekt også for fleire. Eg trur det er løysinga for framtida å gå saman om å byggje nye fjøs. Fleire av oss har nedslitne fjøs, og eg trur neppe neste generasjon ville satsa på å halde fram i eigne fjøs.
Boye: Både nedbygging og utvikling er smittsamt. Vi håpar dette fjøset kan «smitte» på ein positiv måte.
Olav: Sjå berre til Hemsedal; der har dei no seks-sju fellesfjøs. Det er også mange i Nord-Gudbrandsdal.
Men dette er det fyrste, store og nybygde fellesfjøset i Valdres?
Boye: Ja, men så er vi då også både trauste og trege på dette området her i dalen...
Lønn som anna folk
Kva er mest feil med rammevilkåra til Mor Norge?
Olav: Vi gardbrukarar burde fått betaling som anna folk for det vi driv med. Prisane til bonden har stått stille i lang tid, medan alle driftsmidla har vorte dyrare. Difor får ikkje folk endane til å møtast.
Boye: Råvarene er ikkje verdsette nok (pris). Men no tek det til å bli underskot både på mjølk og kjøt. Spørsmålet er berre om styresmaktene skjønar det tidsnok at vi er i ferd med å få underskot på råvarene her i landet og gjer noko med det. Det kan snart bli underskot på mat når vi også tek jordbruksareal i bruk til å dyrke biodrivstoff på.
Olav: Vi meiner det vi gjer er framtidsretta. Då er det også så utruleg urettferdig å miste så mange tilskot berre fordi vi går saman og byggjer fjøs med berre eitt tak.
«Kjøper» nettverk og fri
Boye Skøre: Poenget med fellesfjøset er å kjøpe oss sosialt samvær og fritid. Før har vi måtte ha fleire jobbar for å få endane til å møtast og i tillegg gå i fjøset morgon og kveld.
Olav: Dermed er vi alltid i fjøset når alle typar arrangement blir haldne i bygda. Det meste foregår «i fjøstida».
Boye: Når det nye fjøset er innkjørt, vil vi dele drifta i fire vera ei veke på jobb og ha tre veker fri frå fjøsstellet. Dette vil gje oss meir fri og ei sosial tryggheit for å kunne avløyse kvarandre til dømes ved sjukdom. Kan hende vi på denne måten også kan få tid til å prate litt med dei vi bur i lag med.
Kor mange slike fellesfjøs trur de det er i Valdres om 10-15 år?
Karane har litt vanskar med å svara, men tippar det i alle fall blir eitt i kvar valdreskommune, kanskje fleire. Dei trur mange vil leggje ned mjølkeproduksjonen, og dei seier eit slikt fjøsfellesskap set store krav til godt naboskap og til samarbeidsevna. Dei reknar med å måtte svelgje ein del kamelar.
Held fram stølinga
Tre av dei fire vangsbøndene som aktivt går inn i det nye driftsselskapet vil halde fram med å flytte mjølkekyrne til fjells om sumaren, og mjølke dei der. Boye Skøre vil også sende sine kyr til fjells, men berre dei som ikkje mjølkar. Elles vil alle dei 70 kyrne i nyfjøset få rikeleg høve til å gå ut på beite i nærområdet rundt fjøset.
Olav: Vi ser verdien av stølslivet for alle partar, og ikkje minst for kulturlandskapet.
Har de tankar om å foredle mjølka sjølve, til dømes i ysteri?
Boye: Nei, det får dei drive med dei som kan det. Bøndene seier dei heller ikkje har planar om å leggje om til økologisk mjølkeproduksjon.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke