Vi byggjer for framtida, for neste generasjon, seier Olav Ellingbø. Han nærmar seg sjølv pensjonsalderen, men er like fullt ivrig deltakar i prosjektet og satsinga. Bøndene seier at utan dette nybygget, ville det berre vore eit spørsmål om år før alle dei fem gardane som er involverte i prosjektet hadde lagt ned mjølkeproduksjonen.
AS og DA
Det nye fjøset ligg øvst i bygda i Vang hovudsokn, ovanfor Vang kyrkje. Prosjektet er organisert gjennom to nye selskap: «Vang fellesfjøs AS» eig bygget på ei utskilt, om lag sju mål stor tomt frå garden Leine-Thune. Fire bønder i området har gått saman om å byggje og eige fjøset: Boye Skøre, Olav Ellingbø, Nils/Øyvind Leine-Thune og Helge Lajord.
Drifta av fjøset vil bli overlate til «Ellingbø og Thune samdrift DA» og der er dei fem partar. I tillegg til dei fire som eig bygget kjem også Boye Thorpe frå Torpegardane lengre sør i Vang kommune inn med si mjølkekvote. Dei fem gardane har kvar kvoter på mellom 65.000 og 97.000 liter, eller til saman 385.000 liter. Men dei meiner dei i det nye fjøset skal kunne klare å produsere rundt 600.000 liter i året, og dei set sin lit til at dei om nokre år kan produsere så mykje mjølk dei berre orkar.
I dag blir vi premierte for å ha mange kyr som kvar produserer lite, seier gardbrukarane.
1300 kvadratmeter
Vang fellesfjøs er i overkant av 57 meter langt og 22 meter breitt, til saman om lag 1300 kvadratmeter. Fjøset er raudmåla og ser ut som eit lågt og kjempestort fjøs, og kan minne om eitt eller anna form for industribygg. Utanfor er det nyleg bygd ein enorm møkkatank. Veggene er fire meter høge og tanken er 26 meter i diameter. Tanken vil romme rundt 2000 kubikkmeter gjødsel.
Inne opnar det seg ein kjempehall. Heile fjøset er i praksis eitt stort rom, så nær som personalavdelinga, operatørkontoret og rommet for mjølketanken. Dette opptek eit hjørne inne i hallen. Elles er det lange «båsar» der kyrne kan gå rundt, liggje og eta. Det vil bli automatisk gjødseluttrekk, dører ut i det fri for kyrne og to store garasjeportar lettar inntransporten av rundballane. Dei blir lagde i fôrvogner som hakkar opp rundballane og fordeler dei automatisk til kyrne. Det blir også fødeavdeling og langs eine langsida binge for ungdyra. Tanken er delvis å bruke eksisterande fjøs på gardane til kjøtdyr.
Ti millionar kroner
Ein må kunne seia det er frisk satsing når fire gardbrukarar byggjer for åtte friske millionar kroner, pluss moms. Av dette går godt over ein million til mjølkeroboten.
Selskapet har til saman fått tilskot på 1,2 millionar kroner; halvparten frå Vang kommune og BU. Utbyggjarane er særs godt nøgde med velvilje og støtte frå kommunen, e-verket, BU-ordninga og den lokale sparebanken. Der har dei teke opp eit lån på 6,8 millionar kroner. I tillegg skal dei gjera ein stor eigeninnsats ved å montere store delar av innreiinga sjølv.
Alt knytt til mjølking og kraftfôrtildeling blir datastyrt, og gardbrukarane reknar med å bruke dei fyrste vekene på nyåret til å lære kyrne opp i det nye mjølkesystemet.
Men ved sida av alle kyrne, skal også folka som skal bruke anlegget lærast opp. Men du veit det er litt lettare med ei vrang kyr, som ikkje vil innordne seg. Ho kan ein berre sende på slakteriet...
Det spørst om ikkje dyra lærer dette snøggare enn oss, gliser Boye Skøre. Han er vald til styreleiar i AS-et.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke