No kan vi bygge eit større allrom, og vi kan lage fleire smårom. Vi treng blant anna eit rom til kortspeling og eit til kvile. Dessutan er det viktig å få alle romma på ei flate, sidan mange eldre brukar rullestol, fortel driftsleiaren.
Aktive eldre
Til trass for at gjennomsnittsalderen på brukarane er langt over 80 år, er det ein aktiv gjeng som treffast der på dagtid.
Vi strikkar og heklar og syr, og vi pratar og drikk kaffe, fortel dei glade damene Inger Trøen (74) og Hjørdis Tvenge (75).
Ja, vi kvinnfolka arbeider, medan karane berre sit og gjer ingenting, skrattar Ellen Rud (80) og Ingrid Tvenge (82) ved kvinnfolkbordet.
Jau, men det er vi karane som vinn under bingoen, svarast det frå karbordet.
Og karane har for ei stund sidan laga både sopelimar og veggklokker. Det er nemleg snikkarbod i kjellaren.
Arrangerer sjølv
Det er pensjonistane sjølve som tek seg av arrangeringa av dagtreffa. Vi har ei gruppe som driv med henting og bringing av andre eldre, nokon lagar mat og serverer, og nokon vaskar, fortel Hamre.
Av andre aktivitetar på Plassen kan nemnast bingo, gymnastikk, karneval og julemesse. Brukarane får garn og liknande til å lage ting gjennom heile året, og dette sel dei på den årlege julemessa. Dessutan er det no installert datamaskin med internett-tilgong, slik at pensjonistane kan halde seg oppdatert på det som skjer ute i verda.
Sosialt for alle
Dagsenteret har oppe måndag, onsdag og fredag, Tysdagar og torsdagar er senteret ope for folk med demens og minnetap. Dette er eit nytt tilbod frå i haust. Det er viktig for alle å ha eit sosialt tilbod.
Vi er svært glade for aktivitetssenteret vårt. Det er koseleg å ha ein stad å treffast, for vi eldre treng også ein møtestad, seier dei blide pensjonistane.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke