TAKKA OG BUKKA: Lars Emil Johannessen bukkar djupt og gratulerer Alf Richard Kraggerud med etableringa av Norsk Barnesymfoniorkester.

Norsk Barnesymfoniorkester såg dagens lys

Valdres Sommersymfoni 2008 vart måndag spelt inn i historia av dei unge festivaldeltakarane. Arrangementet går no ei spanande tid i møte.

– Eg gjekk glipp av både 1814, 1905 og 1945. Men eg var til stades den 30. juni 2008, då det vart skrive historie i Valdreshallen med Norsk Barnesymfoniorkester, proklamerte Lars Emil Johannessen frå Norsk kulturskoleråd allereie før konserten.
Sjølv om storhendinga uansett ville bli eit nytt kapittel i musikkhistoria, gjorde musikarane sitt for å sette solide strekar under.

– Må forankrast
Etter musikkopplevinga står alderen på deltakarane att som eit nærmast utruleg utgangspunkt. Dirigent Alf Årdal sparte ikkje på superlativa.
– Dette er fantastisk gjevande å vera med på. Eit slikt tilbod er veldig viktig for rekrutteringa, så no håpar eg verkeleg myndigheitene også får augo opp, uttalte Årdal.
Lars Emil Johannessen frå Norsk kulturskoleråd slutta seg til oppfordringa.
– Det må vera eit mål å verkeleg få forankra dette orkesteret, og no forventar vi at staten vil bidra meir økonomisk, held han fram.

Kostbart kalas
Å invitere til eit så omfattande arrangement er ressurskrevjande, og kultursjef i Nord-Aurdal, Jan Stundal, innrømmer at han er spent på sluttrekneskapen.
– Vi treng meir støtte for å kunne bere dette vidare, det er ei kostbar satsing for kommunen. I år har vi tatt ein sjanse, og håpar i framtida på å få ein stor sponsor til å vera med, seier han. Stundal kan fortelje at mesterklassekursa med internasjonale instruktørar er ekstra dyre. Han håpar høge publikumstal vil gje merkbare resultat når tala blir klar over sommaren.
Nøkkelord: Bygdepuls

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Mest lest


Møte om gymsalen i Aurdal

Ordførar Inger Torun Klosbøle i Nord-Aurdal har teke initiativ til eit møte der «Frikar» og represen…


Gjør stor suksess med nettbutikk

Ryfoss-jenta Marie Stokkebryn driver nettbutikken Crazyshop.no med stor suksess.


Telefonfeil i tunnelen kan koste dyrt

Nesten ingen bruker tunnelenes nødtelefon ved trafikkuhell. Dermed tar det lenger tid å få stengt av…

Bygdepuls Nord-Aurdal

@nodeName

Briskeby Café har opna att

Nye drivarar har overteke drifta av Briskeby Café på Fagernes. Nyopninga var onsdag føremiddag, og gjestene fann snøgt vegen inn.

 
Bildegalleri UKM 2012

UKM 2012

Her er alle sceneinnslaga frå UKM 2012

Gallerier

Vis alle
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni.
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni (24 bilder)
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur.
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur (11 bilder)
Russetoget 2011.
Russetoget 2011 (11 bilder)
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag.
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag (15 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Nyopning: Bjørn Hovi og Vasana Meekhong har starta ny drift på Briskeby Café på Fagernes, som har vore stengt sidan før jul. FOTO: Tor Harald Skogheim

Briskeby Café har opna att

Nye drivarar har overteke drifta av Briskeby Café på Fagernes. Nyopninga var onsdag føremiddag, og gjestene fann snøgt vegen inn.

Sør-Aurdal

Dro av vegen: Vogntoget fra Romania havnet i grøfta på tørr asfalt. FOTO: Christoffer Rustebakke

Vogntog kjørte av vegen sør for Bagn

Tirsdag formiddag kjørte et vogntog av vegen cirka 4 kilometer sør for Bagn på E16. Etter det avisa Valdres ble fortalt var vogntoget fra Romania og sjåføren kom uskadd fra det.

Vestre Slidre

Tormod Ulven mottok pris fra fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud.

Tormod Ulven fikk Coubertinprisen

Tormod Ulven fra Vestre Slidre er en ytterst talentfull ung mann. Det blir lagt merke til. Nå er han innehaver av Pierre de Coubertinprisen.

Øystre Slidre

Ready to go: Torgeir Dahle legger siste hånd på verket på Trollmobilen. FOTO: Trond Rogne

Klar for krusing

Trollrock gjør et aldri så lite markedsføringsstunt og har nå fått satt i stand sin helt egen Trollmobil, som de skal kjøre «land og strand» rundt med for å skape blest om rockefestivalen på Beitostølen.