Miljøsyndarar: Om det er byfolk eller fastbuande i Valdres som er dei verste til å synde mot reglar og lovar om forsøpling, er ikkje lett å få svar på. Dette biletet er teke på Vaset tidlegare i sommar.

Bygdefolk trur dei er mest opptekne av miljøet

Folk som bur på bygda, oppfattar seg sjølve som meir opptekne av miljøet enn byfolk. Byfolket er ikkje samde.

At bygdefolk tenkjer meir på miljøet gjennom handlingane sine enn byfolk er truleg ein myte, ifølgje ei meiningsmåling som Sentio har gjort for Nynorsk Pressekontor og Nationen.

By og land
28,1 prosent av dei spurde, var usamde i påstanden «folk på landet er meir miljømedvitne enn folk i byane», medan 17,4 prosent meinte at dette stemmer.
Av dei 1.800 spurde menneska frå heile landet, var det 4,4 prosent som svarte «veit ikkje», medan 31,5 prosent var korkje samd eller usamd i påstanden. Deltakarane kunne rangere svara i ein skala frå 1-10. Vi har rekna alternativ 8-10 som «einig» og alternativa 1-3 som «ueinig».
Bygdefolk trur på seg sjølv
Spør ein folk som faktisk bur på landsbygda, oppfattar dei seg sjølve som meir opptekne av miljøet enn byfolk. 24 prosent av bygdefolket seier seg samde i påstanden. 15 prosent er usamde.
I hovudstaden, derimot, er haldninga strak motsett. Dei vil ikkje ha på seg at dei er mindre miljømedvitne. Der er 61 prosent usamde i at bygdefolket er dei mest miljømedvitne. Berre ni prosent er samde.
Det er eit fleirtal blant både menn og kvinner som er usamde i at dei som bur på landet er meir miljømedvitne enn andre.

Fylkesvariasjon
Deler vi inn etter fylke er det flest usamde i påstanden i Oslo med 42 prosent, og færrast i Nord-Trøndelag og Finnmark med høvesvis 4 og 9 prosent. Nordtrønderane er også med sine 38 prosent mest samde av alle i at folk på landet er meir miljømedvitne enn andre.
I alle regionane er det flest som er usamde i at folk på bygda tenkjer meir på miljøet enn byfolk. Men tanken om miljømedvit varierer frå fylke til fylke i same region.
I Nord-Noreg meiner finnmarkingane det motsette av dei andre i nord. På Sørlandet gir Vest-Agder og Aust-Agder ulike meiningar, det austegdene skil seg ut. Sogningar og fjordingar er heller ikkje samde med resten av Vestlandet. Folk frå trøndelagsfylka er også innbyrdes ueinige.
Nøkkelord: Bygdepuls

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Fra forsiden

Mest lest


Mann funnet omkommet i Vang

Søndag ettermiddag ved 17-tida ble en mann funnet omkommet av politiet i Vang.


Se hvor mye tilskudd bøndene får

Lurer du på hvor mye tilskudd bøndene i din kommune får? Nå kan du søke i tilskuddslista og se hvem…


Beslagla hele 9 førerkort i Begnadalen

Fredag kveld hadde utrykningspolitiet ved E16 i Begnadalen en travel helgestart, for hele ni førerko…

 
Bildegalleri Aktiviteket 25 år

Aktiviteket 25 år

Gallerier

Vis alle
Bygdepuls - Messias
Bygdepuls - Messias (10 bilder)

Siste fra andre tema

Sør-Aurdal

F.v.:Catrine Hotvedt og Nils Harald Huset leder sine klasser, og Susanne K. Myhre er nr 2 i damekampen.

Valdriser i tet under NM Elg

Nils Harald Huset fra Hedalen leder NM til nå og samboer Catrine Hotvedt leder damekampen i NM Elg i Andebu.

Vestre Slidre

Sju Tine-meieri er alt vedtekne stengt dei neste åra, og minst ei handfull andre går ei usikker framtid i møte.

12 meierier kan bli lagt ned

Sju Tine-meieri er alt vedtekne stengt dei neste åra, og minst ei handfull andre går ei usikker framtid i møte, blant anna Fosheim i Valdres.

Øystre Slidre

For liten: Rogne barnehage må utvidast.

Vil ha Rogne, Tingvang og Beito barnehage

Øystre Slidre kommune har gjort ei utgreiing av framtidig barnehagestruktur, der dei går for tre kommunale barnehagar. Utgreiinga er lagt ut på høyring, med frist torsdag 19. august.

Vang

MANGE GRATULASJONER: – Jeg har fått mange gratulasjoner de siste dagene, og folk synes det er moro å ha fått en ny norgesmester i Valdres, sier Ole Kristian Fredriksen (18).  ARKIVFOTO: Vegard Storbråten Øye

Fersk norgesmester i torader

Ole Kristian Fredriksen (18) fra Ryfoss kom søndag hjem til Valdres som fersk norgesmester i torader for juniorer.