Nok ein gong kan vi slå fast kor viktig rakfiskfestivalen er, ikkje berre for Fagernes og for rakfiskprodusentane, men for store delar av reiselivsnæringa og næringslivet elles i heile Valdres, seier Arnesen, som syner til alle dei andre arrangementa som har grodd opp utanfor bygdebyen denne helga.
100 utstillarar
Godt og vel 100 utstillarar var på plass med salsbodene sine i gatene og i dei ulike telta rundt om på Fagernes. Utstillarane kom frå heile Austlandet, Vestlandet og Trøndelag, ja til og med ein frå Sverige. Eit breitt spekter av handverksprodukt og lokalprodusert mat var å finne.
Festivalarrangørane hadde i tillegg engasjert 200 funksjonærar frå folkehøgskulen og frå idrettslag i Valdres.
Flest på Tjuvstarten
I storteltet var tilstrøyminga størst på Tjuvstarten fredag kveld, fullt hus og 2700 menneske.
I forhold til i fjor var det noko svikt laurdagen, med 1800 besøkjande, fortel Arnesen. Også i smaksprøveteltet vart det selt færre billettar enn i fjor, 4500 mot 5000.
Årsaka er nok truleg at det i år var fleire boder og meir direkte sal av rakfisk ute i gatene enn tidlegare år, meiner ho.
Arnesen er elles kjempenøgd med omfattande mediedekning av festivalen, både i TV, radio og aviser, også riksmedia.
Utruleg viktig for oss, ikkje minst fordi mange av dei ikkje berre fokuserer på rakfisken, men også på annan lokalprodusert og økologisk mat, seier Arnesen.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger