Dagen feirar ho med middag heime hos Hermann (nevø) og Gerd Sukke. Der blir også søstera Gudrun Lien frå Liagrenda med.
Ingrid Grøv har budd heile livet i Hedalen. Ho voks opp på øvre Sukke. Fem år var ho då første verdskrig starta, men merka ikkje at det vart knappare med mat, slik dei opplevde enkelte andre stader i landet.
Det var ikkje mange bilar i bygda den tida?
Eg hugsar at Kristen Stugård var blant dei første som skaffa bil. Han hadde traktor ˜g.
Sukke hadde seter innpå Muggedalen. Til Muggedalen var det veg for hest og kjerre, men det siste stykket måtte sakene fraktast på slådd bak hesten.
Det var triveleg på setra. Men det var ei travel tid. Eg ysta, kinna og laga pultost.
Sauene hadde sitt eige fjøs som dei overnatta i.
Av og til vakna eg av breking i 22-tida. Då måtte eg stå opp og sleppe inn etternølarane. Men utpå 40-talet vart det vanleg å la sauefjøset stå ope slik at dei kunne gå ut og inn som dei ville.
Ingrid gifta seg med Haldor Grøv i 1942. Dei dreiv butikk og bakeri. Haldor døydde allereie i 1950.
Etter det tok eg meg av bakinga av wienerbrød og småkaker. Det gjekk i sprutkransar, «tyske skiver», sirupskaker og mellommatkaker, slike dei kallar muffins no. Oppskrifta til desse fekk eg då eg gjekk på Valdres folkehøgskule.
Med svekka syn er ho ikkje lenger i stand til å drive handarbeid. Gjennom åra er det ikkje få ting Ingrid har gitt bort til misjonsselskapsbasarane og til andre i bygda ting ho strikka, hekla eller broderte.
Ingrid Grøv har dei siste 13 åra budd på Hedalsheimen, og trivst godt.
Det er viktig med god søvn. Eg gjer alt til faste tider.
TV-en bruker ho helst for å få med seg nyheiter. Med eit leseapparat som forstørrar skrifta, følgjer ho med i «Valdres».
Men det er mest frå aurdalsbygdene og nord-Valdres der. For lite frå Hedalen.
Får du lest ei bok i ny og ne også?
Nei, det er lenge sidan eg har gjort. Ein gong las eg ei bok om Hans Nielsen Hauge. Den var så interessant at eg vart heilt forstyrra.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger