HEIDRA IGJEN: På julefesten til Symra laurdagskvelden vart spelemannen Knut Trøen overrekt Kongens fortenestmedalje i sølv. FOTO: Vebjørn Bakken

Konge-sølv til Knut Trøen

Spelemannen Knut Trøen er tildelt Kongens fortenestmedalje i sølv.


Overrekkinga skjedde på julefesten til leikarringen Symra i Oslo laurdag. Knut kvitterte med å spela på hardingfela si – dels aleine, dels i lag med brørne Kjell (trekkspel) og Jørgen (gitar), og andre.

Inspirator for leikarringar
Den største innsatsen har Knut gjort som spelemann for mange leikarringar og lag i Oslo gjennom ei årrekke.
Han var tidleg ute med å spele inn turdans og gamaldans på band og seinare på CD. Det har vore til stor hjelp for leikarringar og gamaldansklubbar i heile landet.

Mange opptak
Knut Trøen Han vart A-klassespelemann i 1963, men har ikkje vore nokon trottig kappleikdeltakar. Han har vore dommar på kappleikar og ofte spelt for kappleikdansarar.
Med eigen trio har han sytt for god dansemusikk på eit utal dansefestar og leikfestar.
Knut har også ofte vore å høyre i radioen. Han har spelt inn ei lang rekkje låttar for Folkemusikkarkivet i Valdres. Knut har også vore spelemann på mange turar i utlandet. På grunn av sjukdom har det blitt mindre offentleg speling dei siste åra.

God ambassadør
Ikkje har han berre spelt godt; med sin veremåte og fine framferd har han vore ein god ambassadør for folkemusikken.
Knut er æresmedlem i fleire lag, mellom dei leikarringen Symra. For nokre år sidan fekk han Haldor Røines ærespris. For innsatsen sin som lagersjef i Volvo i 31 år, har fått Norges Vels medalje.
Knut Trøen vart fødd i Slidre i 1932. Han flytta til Oslo som 18-åring. I fjor drog han tilbake til Valdres, og har slått seg ned på Fagernes.

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og v…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…

Bygdepuls Vestre Slidre

@nodeName

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

 
Bildegalleri UKM 2012

UKM 2012

Her er alle sceneinnslaga frå UKM 2012

Gallerier

Vis alle
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni.
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni (24 bilder)
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur.
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur (11 bilder)
Russetoget 2011.
Russetoget 2011 (11 bilder)
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag.
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag (15 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Avlivet storfe etter utforkjøring

Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet at de ble avlivet på stedet, mens de andre ble fraktet videre til slakteriet med annen transport.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Øystre Slidre

Illustrasjonsfoto: Scanstock

Rocka sommer for unge valdriser

For første gang arrangeres det til sommeren Rockesommer på Brennabu; en skare veletablerte musikere står klare til å kurse unge rock- og popinteresserte ungdommer.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.