Sol av Isfolket er Noregs einaste fantazy-teater, og det finn stad på Valdres Folkemuseum. Denne hausten kjem Margit Sandemo med sjølvbiografi på Aschehoug. Ho har lova dramatikk og ukjende historier. For Margit Sandemo har Sol av Isfolket vore viktig.
– Dette er jo draumen for ein forfatter – at valdrisene vil sette opp deler av «Sagaen om Isfolket» der, i min heimbygds dal, som Sandemo har uttala.
Onsdag 9. juni arrangerte Litteraturhuset samtale om Sagaen av Isfolket. Der var det innleiingar av Selma Lønning Aarø - forfattar, spaltist og isfolketfan, og Anna Backe-Wiig – forfattar og skodespelar. Samtalen vart leia av journalist og fast portrettør i Dagbladet Magasinet, Ingvild Wedaa Tennfjord.
Å få «Sagaen om Isfolket» inn på ein arena som Litteraturhuset, er spanande og viser at historia har nasjonalt fokus. Jamfør debatten om «finkultur» og «folkekultur», er Sagaen om Isfolket eit interessant moment. Teateret i Valdres, og bøkene til Margit Sandemo er del av ein større kulturdebatt. Om ein vil skildre «Sagaen om Isfolket» som kiosklitteratur eller ikkje, sjangeren har ikkje vore mykje framme i dei offentlege ordskifta i kraft av seg sjølv.
Det kan vera spanande å sjå på «Sagaen om Isfolket» i dag. Bøkene fengjer stadig nye grupper, og har vorte del av den norske litteraturen, om vi er einige i det eller ikkje. Med Isfolket på nye arena, som teaterscene og litteraturhus, er endringar i ferd med å skje. Kan det vera nordmenn sitt forhold til forteljingane og endrar seg?


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger