Det er klart for solefallskonsert med bestillingsverk av den samiske musikaren Frode Fjellheim. I år kjem inspirasjonen frå funnet av sametuftene ved Rennsenn. Fjellheim

Transjoik ved Rennsenn

Det er ikkje så mange gonger det har skjedd i folkemusikkhistoria at ein konsert har kome i stand som resultat av eit arkeologisk funn. Men slik er det med tingingsverket FUNN.

Kven var Jørn Hilme

Meisterspelemannen Jørn Hilme var fødd i Ulnes i 1778. Han utvikla dei gamle toveksslåttane og skapte lengre slåttar med fire-fem vek eller skifte.  ”Hilmisguten” var serleg kjend for dei krevjande Jørnsrengjene med dobbeltgrip og kvævetonar – fleire tonar som kling saman. Ristetak – triolar – er eit anna særmerke for desse slåttane.

For slåttespelet i Valdres og bygdene ikring, vart Jørn Hilme det same som Myllarguten var for Telemark.

Verket skal urframførast på Jaslangen i Vestre Slidre under Jørn Hilmestemnet. Komponist er Frode Fjellheim – sørsamane sitt svar på Mari Boine kan ein kanskje seie, skriv Jørn Hilme-stevnet på nett.

Skal vi finne ideen bak funn, må vi til arkeologiske utgravingar ved Rensenn i Vestre Slidre. Her har ein gjennom fleire år kjent til fire tufter, truleg omkring 1 000 år gamle. Men det var fyrst i 2008 at ein stadfeste at dette kunne vera samiske kulturminne. Og aldri før har ein funne fysiske spor etter samar så langt mot sør og vest i Norge. Arkeologane meiner at samane sin aktivitet i området må sjåast i samanheng med villreinfangst. Vidare heiter det at kulturminna i området kan peike i retning av at området kan ha vore brukt tidvis både av norrøne og samiske folk.

– Dette er utgangspunktet, eller bakteppet, for komponist og musikar Frode Fjellheim når han no lagar eit verk bygd på desse nye oppdagingane. Ideen kom frå Jørn Hilme-stemnet, og Fjellheim tykte dette absolutt var ei interessant utfordring, skriv hilme.no.

Frode Fjellheim er ingen nybegynnar i tingingsverksfaget. Han har hatt fem større tingingsverk til festivalar og festspel: Mest kjend er kan hende Aejlies Gaaltije – ’Arktisk messe’ – som vart laga til Festspillene i Harstad i 2000 og som seinare fekk Spellemannprisen i open klasse.

Frode Fjellheim seier at han vil ta utgangspunkt i at det har vore ein sørsamisk buplass ved Rennsenn i sitt bestillingsverk. Han er midt inne i prosessen med verket i skrivande stund, og seier at verket vil innehalde fleire idear. Dette at ein i 2009 fann fleire kulturlag i buplassen ved Rensenn, har inspirert Fjellheim til å tenkje ’fleirkulturelt’. Han har fylgt godt med i det aukande medvitet omkring samisk og sørsamisk kultur og har merka seg at kunnskapen om sørsamisk kultur har blitt meir formalisert, noko han meiner er årsaka til at ein no stadig finn sørsamisk funn i ’nye’ område.

Fjellheim fann tidleg ut at han ville bruke utøvarar frå Valdres, og etter tips frå Jørn Hilme-stemnet enda han opp med langeleikspelar Ole Aastad Bråten og felespelar Ragnhild Hemsing.
– Det vil bli naturleg å bruke noko tradisjonsstoff og kombinere dette med nykomponert musikk. Og sjølvsagt vil eg ha med element av joik, seier Fjellheim.

– Eg gler meg veldig til framføringa og er ikkje minst spent på å bli meir kjent med langeleiken, som er eit instrument eg ikkje har vore borti før.
Fjellheim gler seg òg til å samarbeide med Ragnhild Hemsing, som han ser på som svært allsidig etter som ho trakterer både fiolin, hardingfele og bratsj. Dei andre musikarane er folk som Fjellheim har jobba med før: Hildegunn Øiseth driv både innafor klassisk og jazz med flygelhorn og trompet, men ho har òg spesialisert seg på bukkehorn og neverlur. Snorre Bjerk er perkusjonist og har jobba med Fjellheim i Transjoik gjennom mange år.
Og Mattis Kleppen som trakterer bass, er også ein gammal samarbeidsmusikar.

– Dette er musikarar med solid kjennskap til folkemusikk.
Og saman med alle desse musikarane skal eg prøve å finne måtar å bruke tradisjonsmusikken på, avsluttar Fjellheim.
For så mykje meir enn dette vil han ikkje ut med, han er midt inne i prosessen, men forvissar oss om at han kjem til å koma trygt i mål til framføringa på Jaslangen.

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…


Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet a…

Bygdepuls Vestre Slidre

@nodeName

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

 
Bildegalleri UKM 2012

UKM 2012

Her er alle sceneinnslaga frå UKM 2012

Gallerier

Vis alle
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni.
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni (24 bilder)
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur.
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur (11 bilder)
Russetoget 2011.
Russetoget 2011 (11 bilder)
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag.
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag (15 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Kari Anne Frantzen i en av sine egne kreasjoner.

Frantzen i Fashion Awards-finale

I dag, mandag, går startskuddet for Oslo Fashion Week, i Oslo. Med å kjempe i finalen i Oslo Fashion Awards er Kari Anne Frantzen, som til daglig driver butikk og verksted i Gullsmedvegen på Fagernes.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.