KYRKJEKONSERTANE PÅ HILME-STEMNET I 2010:
Kyrkjekonsertane blir arrangert her: Hedalen stavkyrkje (26. juli), i Lidar kyrkje (27. juli), St. Tomaskyrkja på Filefjell (28. juli), Tingnes kirke (28. juli) og Bruflat kyrkje (30. juli).
Konsertane blir arrangert i samarbeid med sokneråda ved dei ulike kyrkjene.
Gruppa vart etablert i 2006, og består av dei kjende musikarane Gjermund Larsen, komponist og felespelar, Andreas Utnem på trøorgel og Sondre Meisfjord på kontrabass. I 2008 kom albumet Ankomst, som karane fekk mykje godord for i pressa.
– Gjermund Larsen blir rekna som ein av dei fremste folkemusikkomponistane i landet. Trass sin unge alder (fødd i 1981 i Verdal), er Larsen ein av dei mest aktive unge musikarane i dag.
Han er frontfigur i ei rekkje kjende folkemusikkgrupper og samarbeider jamleg med fleire profilerte artistar, mellom anna Frigg, Majorstuen, i Christian Wallumrød sekstett, saman med Odd Nordstoga, Maj Britt Andersen, Reidar Larsen, Det Norske Solistkor og Trondheimsolistene.
I 2006 debuterte han på Telemarkfestivalen med verket Brytingstid. Han har også skrive bestillingsverk for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2009, og han er i full sving med nye bestillingar, melder Jørn Hilme-stemnet på sine nettstader.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke