Korpset øver no inn eit fyldig repertoar med kjende og kjære julesongar og sjølv om det er hemmeleg, røper Yngvild Viste litt av det vi kan forvente å høyre
– Vi fekk noteheftet for ei stund sida og Philip Hannevik kjem for å balansere det heile. Prosjektet vart sett saman av Hannevik, Rein Alexander og Thor-Erik Fjellvang, seier Viste i det «O helga natt» tonar ut frå øvingsrommet.
Avslutning av jubileumsåret
Korpset var stifta allereie i 1911 og denne julekonserten markerer ein avslutning på jubileumsåret.
– Dette blir ein fantastisk avslutning på eit flott år for korpset, seier Yngvild Viste. – Vi har gjort mange konsertar og konkurransar, men det er noko spesielt med førjulskonsertane. Det er ikkje så teknisk krevjande program, men det er veldig flott å spele desse songane mot jul.
Den kjende operasongaren er gjestesongar på dei fleste melodiane og gjer på mange måtar dagen svært spesiell.
– Rein Alexander er jo ein folkekjær artist som har gjort større ting enn dei fleste kan drøyme om, seier Olav Riseng. – At det no blir saman med oss i kulturhuset er jo ein framifrå avslutning av året og ein flott start på juletida.
Spesielt korps
I motsetnad til andre hundreåringar er Fagernes Musikkorps svært oppegåande og ser framtida godt i møte.
– Vi har ei flott gruppe, seier Viste. – Alderssamansetjinga er frå 12 til 80 år og vi har eit godt samarbeid. Det spesielle med korpsmusikken er at ingen sit på innbytarbenken, men alle deltek. Dette skapar eit samhald og gjer øvingane til flotte, sosiale hendingar.
Konserten er tysdag 13. desember.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger