Jonas Alaska: Vinjerock lanserer dei sju fyrste artistane til neste års festival.

Sju klare for Vinjerock

På lista finst blant andre Jonas Alaska, Montée og Rumble in Rhodos – i tillegg til dei lokale favorittane Staut. Festivalen lanserer samstundes nye heimesider og ny grafisk profil.

– Det er utruleg kjekt å vera i gang att, og vi gler oss enormt til sjette kapittel av festivaleventyret neste sumar, slår festivalsjef Eirik Høyme Rogn fast.

Arbeidet med å finne artistar til Vinjerock 2012 har pågått sidan tidleg i haust, og festivalsjefen kan love fleire artistslepp i tida som kjem. Totalt skal 25 plassar i programmet fyllast opp fram mot sumaren.

 – Allereie i midten av desember skal vi lansere fleire namn, blant anna eitt av dei som hamnar øverst på plakaten neste år, fortel han.

 

Vinje som bluegrass

Blant namna i det fyrste artistsleppet finst også to lokale innslag. Bandet Ugle, med vangsgjeldingen Jogeir Daae Mæland i front, tek turen til Eidsbugarden i juli. Det gjer også Staut, som gjer ein eksklusiv Valdres-konsert for sumaren 2012 

På lista står òg Ila Auto, som også spelte på festivalen i 2010. Neste år kjem dei derimot attende med eit litt annleis konsept: Gamle tekstar etter Aasmund Olavsson Vinje skal kleast opp i bluegrass-drakt og framførast for fjellrockarane.

 – Det gler eg meg vanvittig til, og det blir ekstra kjekt å endeleg kunne heidre Vinje også gjennom musikken, seier ein godt nøgd Høyme Rogn.

 

Hardrock og mjukrock

Oslobandet Montée, med Anders Tjore og Maya Vik i front, kom med albumet «Rendition of You» tidlegare i vår, og fekk store terningar kasta etter seg. Det same gjorde dei superenergiske indie-punkarane i Rumble in Rhodos frå Follo, som kom med albumet «Signs of Fervent Devotion» på forsommaren. Båe har vore i toppen av listene når dei beste norske skivene i 2011 skal oppsummerast.

 I tillegg kjem også Jonas Alaska til Jotunheimen. 23-åringen frå Åmli i Aust-Agder har gjort storeslem det siste halvåret, etter å ha sjarmert festivalpublikummet på Øyafestivalen i sumar i senk. I haust kom det sjølvtitulerte debutalbumet, og singlane «October» og «In the backseat» har snurra jamnt på dei største radiokanalane i haust.

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Møte om gymsalen i Aurdal

Ordførar Inger Torun Klosbøle i Nord-Aurdal har teke initiativ til eit møte der «Frikar» og represen…


Gjør stor suksess med nettbutikk

Ryfoss-jenta Marie Stokkebryn driver nettbutikken Crazyshop.no med stor suksess.


Telefonfeil i tunnelen kan koste dyrt

Nesten ingen bruker tunnelenes nødtelefon ved trafikkuhell. Dermed tar det lenger tid å få stengt av…

 
Bildegalleri UKM 2012

UKM 2012

Her er alle sceneinnslaga frå UKM 2012

Gallerier

Vis alle
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni.
Bygdepuls: Valdres Sommersymfoni (24 bilder)
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur.
Bygdepuls - Skyssbilar på Valdrestur (11 bilder)
Russetoget 2011.
Russetoget 2011 (11 bilder)
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag.
Kultur - Den svevende jomfru, Melleheim ungdomslag (15 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Nyopning: Bjørn Hovi og Vasana Meekhong har starta ny drift på Briskeby Café på Fagernes, som har vore stengt sidan før jul. FOTO: Tor Harald Skogheim

Briskeby Café har opna att

Nye drivarar har overteke drifta av Briskeby Café på Fagernes. Nyopninga var onsdag føremiddag, og gjestene fann snøgt vegen inn.

Sør-Aurdal

Dro av vegen: Vogntoget fra Romania havnet i grøfta på tørr asfalt. FOTO: Christoffer Rustebakke

Vogntog kjørte av vegen sør for Bagn

Tirsdag formiddag kjørte et vogntog av vegen cirka 4 kilometer sør for Bagn på E16. Etter det avisa Valdres ble fortalt var vogntoget fra Romania og sjåføren kom uskadd fra det.

Vestre Slidre

Tormod Ulven mottok pris fra fornyings- og administrasjonsminister Rigmor Aasrud.

Tormod Ulven fikk Coubertinprisen

Tormod Ulven fra Vestre Slidre er en ytterst talentfull ung mann. Det blir lagt merke til. Nå er han innehaver av Pierre de Coubertinprisen.

Øystre Slidre

Ready to go: Torgeir Dahle legger siste hånd på verket på Trollmobilen. FOTO: Trond Rogne

Klar for krusing

Trollrock gjør et aldri så lite markedsføringsstunt og har nå fått satt i stand sin helt egen Trollmobil, som de skal kjøre «land og strand» rundt med for å skape blest om rockefestivalen på Beitostølen.