Det hardtarbeidande bandet har ei rekkje spelejobbar bak seg og no ser dei fram til å få ut den fyrste produserte singelen sin.
– Vi har gjort ein god del konsertar over nesten heile landet, fortel Jemterud. – Konsertane vil alltid vera basisen for oss, men vi håpar at det kan bli ein del radiospeling av singelen.
Plate i løpet av sommaren
Singelen er ein forsmak på ein full-lengder som kjem i løpet av sommaren.
– Det blir mest nytt materiale, men også gamle låtar i ny innpakning, fortel Jemterud. – Vi prøver å vise eit breitt spekter frå det rolege over til meir rocka låtar. Gjennom arbeidet med innspelinga har vi lært mykje og fått mange tilbakemeldingar som vi tek med oss vidare.
Tid og pengar
Inman Hill let ikkje tida gå ifrå seg og smir medan jernet er varmt.
– Etter at vi flytta til Oslo i haust, har ting skjedd fort. Vi har fått eit heilt nytt nettverk og vorte kjent med mange personar som dreg oss framover. No har vi både produsent og promoteringsbyrå og vonar at vi får til ei god plate og endå fleire spelejobbar utover året. Det går med nokon personlege midler oppi det heile og ein får ikkje tid til å jobbe fulltid når ein skal drifte eit band på si, men samtidig er ikkje vi heilt A4 menneske så vi likar aller best å vera ute på vegen med bandet, fortel Jemterud.
Klar for konsertar
I løpet av våren har bandet allereie ei god liste med konsertar
– Vi skal spele på Nesbyen, Drammen, Moss, Levanger og Veka i Sogndal. Det er fleire som er på trappene, men desse er booka til no. Vi hadde også ein svært hyggjeleg kveld på Rakfisken i haust og ei stor oppleving då vi varma opp for Staut på Rockefeller. Å kome seg ut å reise og halde konsertar er det vi verkeleg lever for, seier Lars Jemterud.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger