Sarte musikalske innslag, rørande bilete, improvisasjon, hardrock, ballett, toradar og humoristiske filmproduksjonar. Dette mangfaldet gjer at UKM fyrst og fremst er ei mønstring og ei framvising av kva som kan krype og gå innan den kulturelle delen av ungdomskulturen. For slik UKM er lagt opp så er det ikkje som X-faktor eller andre talent-konkurransar og det må ungdommen hugse på.
– Mønstringa er inga konkurranse, sa Finn Helge Lyster som sat i juryen. – Bidraga som skal sendast vidare skal representere Valdres og det baserar vi på breidde, kvar dei kjem i frå, kor mange dei er, spenn og kreativitet.
Med 39 sceneinnslag og bortimot 140 utøvarar, vart det ein vanskeleg jobb for juryen, men ein svært hyggeleg kveld for eit fullstappa kulturhus.
Les meir i papirutgåva tysdag


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger