Elvekraftverk: Her er det tanken å byggje ein dam over Kvennfossen, slik at eit fall på fem meter kan utnyttast, fortel leiar i Kvennfossen fallag, Christoffer Rustebakke (t.v.) og nestleiaren i laget, Ola Rustebakke (t.h.).

Kvennfossen i 2008?

Den nest største kraftutbyggingsplanen i Sør-Aurdal ligg i Kvennfossen rett sør for Rustebakke bru i Garthus.

Det er ein tredel av storleiken i Eid kraftverk, og kan bli utbygd i 2008.
Tanken i Kvennfossen er å byggje ein om lag to meter høg dam i ei lengde på rundt 100 meter over Begna ved Kvennfossen. Ved å installere turbinen i sjølve dammen, kan ein få til eit fall på vel fem meter. Prinsippet blir det same som for Eid kraftverk. Dammen vil føre til ein ny, liten innsjø som vil strekkje seg frå Kvennfossen og opp til Rusetbakke bru.

Fallag
Eid kraftverk produserer 53 gigawattimar (GWh) straum i året. Leiar av Kvennfossen fallag, Christoffer Rustebakke, fortel at Kvennfossen vil bli bygd for rundt 20 GWh, og at investeringa vil bli på rundt 60 millionar kroner. Dette er nok straum til om lag 1000 husstandar. Om kraftprisen er på 30 øre, vil Kvennfoss-straumen representere ein årleg verdi på seks millionar kroner.
15 grunneigarar har stifta Kvennfossen fallag. Dei har engasjert selskapet HydroPool Gruppen i Lier som ekstern ekspert. Tanken er at fallaget skal leige ut fallretten til eit aksjeselskap, som skal byggje kraftverket. Det vil både HydroPool Gruppen, grunneigarane og lokale investorar skyte inn pengar.

Har søkt konsesjon
Det er også HydroPool Gruppen som har utarbeidd konsesjonssøknaden, som vart sendt NVE i førre månad. Rustebakke reknar med eitt års behandlingstid på søknaden, og seier dersom det blir ja, så vil dei setja fullt fokus på utbygginga. Den kan med andre ord kanskje starte i 2008, eller i 2009.
— Har de bestemt dykk for utbygging om de får ja, Rustebakke?
— Ja, det har vi gjort, om det blir positivt svar. Vi meiner det er viktig å utnytte ressursane og eigedomane våre. Tanken er å skaffe bygda og eigedomane våre inntekter.
Christoffer Rustebakke seier tre utbyggingsalternativ er vurderte, og at det dei landa på er det mellomste i storleik og det mest miljøvennlege.i
Innvendingane vil eventuelt gå på leveforholda for elveperlemuslingen og gyteplassar for fisk. Det er laga ein miljørapport som følgjer konsesjonssøknaden. Det er mellom anna ein føresetnad at det blir bygd fisketrapp i sjølve dammen. Men Christoffer Rustebakke meiner dammen og den nye innsjøen ovanfor, nettopp kan føre til særs gode forhold for elvemuslingen.
Nøkkelord: Nyheter

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Fra forsiden

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…


Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet a…

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Kari Anne Frantzen i en av sine egne kreasjoner.

Frantzen i Fashion Awards-finale

I dag, mandag, går startskuddet for Oslo Fashion Week, i Oslo. Med å kjempe i finalen i Oslo Fashion Awards er Kari Anne Frantzen, som til daglig driver butikk og verksted i Gullsmedvegen på Fagernes.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.