Smalt: E16 er smal og svingete, og når vognmtog møtest går det på millimeteren.

Vogntogtrafikken over Filefjell tredobla

På dei siste sju åra er vogntogtrafikken på E16 over Filefjell tredobla – utan at vegen er utbetra.

«E16 gjennom Valdres er ingen veg, men ein stig, i alle fall store delar av han.» transportkoordinator Henrik Rønningen
I 2000 passerte det 18.250 vogntog forbi den automatiske trafikkteljaren til Statens vegvesen ved Varden rett vest for Nystøga. I 2007 hadde trafikken auka til 57.670 vogntog. Det betyr at årsdøgntrafikken er auka frå 50 til 158 vogntog i døgnet. I desse tala er berre kjøretøy over 16 meter rekna med, og dermed altså ikkje bussar og vanlege lastebilar. Dette inneber at du som bilist minst møter eit vogntog kvart niande minutt på ein smal, svingete – og om vinteren glatte E16.
Vegen er på svært mange stader så smal at to vogntog ikkje kan møtast. Den eine sjåføren må då kjøre ut i grøfta. Berre i løpet av januar i år har Viking Redninsteneste i Vang drege meir enn 100 vogntog opp på vegen att.

Ein stig
Trafikkmengda over Filefjell gjorde eit hopp oppover då Lærdalstunnelen stod ferdig ved tusenårsskiftet, men har også auka vesentleg frå år til år etterpå.
– E16 gjennom Valdres er ingen veg, men ein stig, i alle fall store delar av han. Mange plassar er vegen så smal at vogntog ikkje kan møtast. Og med den auka trafikken er det ille at det ikkje er gjort noko for dei mjuke trafikantane. Vi må få gang- og sykkelvegar og brei vegskulder, seier transportkoordinator Henrik Rønningen i lastebilselskapet Sunde Gjenvinning Gods.
– 80 prosent av vegen er bygd der ein i dag aldri ville finne på å byggje veg. Derfor treng vi ikkje flikking, men ny veg, seier Rønningen, som likevel er glad for at dei no tek litt etter litt i Lærdal.

Til Hallingdal
Han set likevel eit stort spørjeteiken ved statusen til E16.
– Når dei no planlegg runkjøring i Borlaug, så signaliserer dei i våre augo at stamvegtrafikken skal gå gjennom Hallingdal, seier Rønningen, og viser til at det same for lengst har skjedd på Hønefoss.
Sunde Gjenvinning Gods har 23 vogntog som dagleg går i aust-vesttrafikk, hovudsakleg til Oslo, Halden, Holmestrand og Sverige.
– For oss er Valdres hovudvegen. Vi kjører konsekvent gjennom Valdres, seier Rønningen, sjølv om mykje av transporten må gå via Lærdal. Dette tvingar seg fram fordi rv 53 Tyin-Årdal er svært mykje stengd. I januar og februar i fjor var vegen stengd i 42 av 59 døgn.
– Vi synest vegen oppå fjellet er brøytemessig bra, og Filefjell er jo historisk den mest sikre fjellovergangen, seier Rønningen.
– Men vi må ruste opp vegen slik at vi alltid har garantert heilårsveg, seier han.

Utlendingar eit problem
Ifølgje Rønninegn er det eit stort problem at det kjører mange utanlandske vogntog gjennom Valdres. Dei har ikkje erfaring med slike forhold, og dei har ikkje det utstyret som trengst.
– Det er eit forferdeleg problem med bilar som står fast mellom Øye og Tyinkrysset. For oss er det eit forferdeleg heft, og det fører til store utgifter for næringslivet, seier Rønningen. Han har eit inntrykk av at Oppland fylke heller satsar på Gudbrandsdalen enn Valdres.
– Det er utgreidd alternativ både i i Øye og andre stader. Staten har fleire tusen milliardar på bok, men vil dessverre ikkje satse på infrastruktur, seier Rønningen.
Nøkkelord: Nyheter

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…


Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet a…

Nyheter Vang

@nodeName

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Kari Anne Frantzen i en av sine egne kreasjoner.

Frantzen i Fashion Awards-finale

I dag, mandag, går startskuddet for Oslo Fashion Week, i Oslo. Med å kjempe i finalen i Oslo Fashion Awards er Kari Anne Frantzen, som til daglig driver butikk og verksted i Gullsmedvegen på Fagernes.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.