Politifullmektig Mina Kristin Rød ved Vestoppland politidistrikt fortel at det er bestemt rettsforhandlingar i saka alt 6. mai.
– Gjennom tolken vart det gjort veldig klart for dei åtte at dei pliktar å møte, og at dei uansett vil bli dømt. Men vi har jo ingen mulegheit til å kontrollere eller fylgje dette opp. Det vil vel ikkje overraske mykje om dei ikkje dukkar opp, men slik er det berre, seier Rød, som forstår at folk vil reagere på dette.
Rumenarane reiste med buss til Fagernes, og har alt kjørt dei tre semitrailerane vidare til Vestlandet med gods som skulle fraktast dit. Dei har fått pålegg om å dra rett frå landet når dette oppdraget er fullført.
Bjarne Strand, dagleg leiar ved Vianor på Leira, bedrifta som tjuvane prøvde seg på, er frustrert.
– Desse åtte kjem ikkje til å møte i retten. Nok ein gong blir det ei sak der tjuvane ikkje får føle konsekvensane på kroppen. Dette er i ferd med å bli godt kjent, ikkje minst i dei austeuropeiske landa. Vi må difor berre vente oss stadig fleire slike besøk, også her i Valdres, seier Strand. Han fortel om særs negativ utvikling dei siste to-tre åra, og spår at ikkje minst byggeplassar og private, opne garasjar kjem til å få ubudne gjester framover.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke