– Vi har bestilt godt vr, seier Anne Berit Leithe Husager og Geir Harald Fodnes, på vegner er av arrangørkomiteen.
Valdres Matforum er arrangør saman med Fagerlund Hotell, og med god støtte frå Valdres natur- og kulturpark.
Sentralt i matgildet står som før konkurransen om å produsere den beste kurven.
- Vi oppfordrar gjerne produsentar som ikkje har vore med før til å delta, seier Geir Harald Fodnes. Men konkurransen blir halden innanfor dalføret.
– Kurv er ein del av det rike, varierte mattilbodet i Valdres, seier Fodnes. Valdreskurven blir laga på ein heilt spesiell måte og er derfor ein valdresspesialitet.
Kjendiskokk og superbudeie
Arrangørane ønskjer i år å skapa ekstra stor aktivitet og folketilstrøyming ved å setja opp buer, ikkje berre rundt Fagerlund Hotell, men også i Jernbanevegen, slik som under Rakfiskfestivalen.
- Vi har søkt Statens vegvesen om løyve til å stenge av Jernbanegata og håpar å få ja til det, seier Leithe Husager.
Arrangørane har henta inn to matekspertar til å fronte arrangementet. Den eine er kjendisbudeie Berit Nordfjord, mellom anna kjend frå 9-timen. Den andre er Eivind Hålien, superkokk frå Høresbygda. Han er direktør i Fagforum for mat og drikke, og dessutan styremedlem i Fagerlund Hotell og hotellet sin mentor på mat.
Dei skal saman laga små gourmetrettar ute i gata som folk kan få kjøpe og smaka på.
- Det skal lukte mat over heile byen under Valdresgildet 2009, seier Leithe-Husager.
Eit par bakstedeier skal også delta. Dei vil baka lefse og lappar for sal og prøvesmaking.
På kvelden blir det «Gildemiddag» på Fagerlund Hotell, med gjestekokk-basert mat.
- Då skal vi laga fest for alle og vise rikdomen i den lokale maten, seier Leithe Husager.
Nytt i år er at også andre matprodusentar blir inviterte til å vise fram og selja sine produkt i buer rundt om.
– Her vil ein kunna kjøpe alt frå valdressjokolade og valdresøl til kurv og lefse, seier Leithe Husager.
Vekstpotensial
Nytt er det også at utlendingar i Valdres er inviterte til å laga sine spesialrettar på basis av valdresråvarer.
I det heile er alle matrelaterte innslag velkomne til å bestille buplass hos Geir Harald Fodnes.
Oppslutninga om Valdresgildet har vore varierande.
I år håpar arrangørane på auka oppslutning.
- Valdresgildet har eit stort vekstpotensial, og alle er hjarteleg velkomne, seier Fodnes og Leithe Husager.


Ta de ein bølle... SutreNils.
Staut på TV i kveld