Det største av dei er Reinli Kraft AS, som vart sett i drift våren 2008, etter ei utbygging til om lag 25 millionar kroner. 10 månaders produksjon i startåret gav driftsinntekter på vel 3,8 millionar kroner og eit årsresultat på 667.000 kroner.
5,9 millionar
Koparvike Kraft AS vart etablert i 2002 og hadde driftsinntekter på 1,2 millionar, mens Fønhus Kraft AS hadde inntekter på 837.000 kroner. Samla inntekter for desse kraftverka var i 2008 på 5,9 millionar kroner. Det fjerde småkraftverket er Høgfoss i Buvasselva. Dette er eit kraftverk som ikkje er etablert som eit eige selskap, men som forsyner gardane Nordre Haougsrud, Søndre Hougsrud, ein bustadeigedom og nokre hytter med kraft.
Erling Aas i Sør-Aurdal kommune fortel at kommunen har bygging av småkraftverk på sin arbeidsplan. Det er planar om fleire nye verk. For Islandselva har NVE avslått utbygging etter at Fylkesmannen har frårådd bygging. Denne saka er no anka,. Fylkesmannen har også frårådd utbygging i Kvennfossen, men konsesjonssøknaden har gått vidare til NVE og er no til behandling der.
Fire prosjekt er fritekne for konsesjonsbehandling og kan behandlast i kommunen som byggesak. Det er Kvednaelva i Bagn, Skriuåsbekken i Hedalen, Olmhusfallet i Hølera og Mebenda på Leirskogen.
I tillegg har vi tre-fire andre prosjekt som er meldt inn til kommunen i samband med revisjon av kommuneplanens arealdel, fortel Erling Aas.
Olmhusfallet
Det prosjektet som kanskje har kome lengst, er Olmhusfallet i Hølera. Bak dette prosjektet står grunneigarane Arne Erik Fønhus, Mikael Fønhus og Sjur Olmhus.
Vi har fått konsesjon og vurderer no økonomien i prosjektet, seier Arne Erik Fønhus. Dei tre grunneigarane samarbeider no med Vegvesenet, slik at det skal bli muleg å få lagt ei rørgate under nye E16 som er under planlegging.
Vilkåret for å bygge ut er at vi får innført ei ordning med grøne sertifikat, seier Fønhus. Uttbygginga av Fønhus Kraftverk, med sine 600 kWh og ein produksjon på 2,7 GWh, kosta det 5,4 millionar kroner å bygge ut i 2004. Olmhus Kraftverk blir ifølgje Fønhus på 4-5 GWh og ein god del dyrare å bygge ut enn Fønhus Kraftverk.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke