Fotballjenter: Idrettsprisen gjekk til småjentelaget. Framme f.v.: Siri Berg Stensrud, Stine Fekjær Skogly, Mona Ildigo Hegdal, Vilde Karoline Ildjarnstad, Tonje Viken Brenden. Bak f.v.: Renate Kjensrud, Hanne Bjørgan, Jenny Marie Myhra, Marie Veimodet, Caroline Brenden.

Kulturkveld med prisdryss

Fredag kveld feira søraurdølene både Elling Fekjær, Arild Bjørnstad og småjentelaget i fotball med ei allsidig kulturell massemønstring på Hedalen barne- og ungdomsskole.

Dei 200 frammøtte var med på å lage ei flott ramme om festkvelden for prisvinnarane.
Hedalen musikkorps innleidde, under stø leiing av kulturprisvinnar Arild Bjørnstad. Hedalen sangkor og korpsbandet hadde fine innslag, ikkje minst imponerte unge Anne Mattea Digene med ei fyldig og stø stemme med vidt spenn. Fire unge korpaspirantar imponerte også med godt samspel.

Glad i barn og unge
Det var ståande applaus då ordførar Kåre Helland delte ut kulturprisen til Arild Bjørnstad, og takka han for framifrå innsats for musikklivet i kommunen gjennom fleire tiår. Vinnaren sjølv fortalde om ein rik barndom og ungdom fylt med sang og musikk.

Stø hand

– Det å hjelpe andre til å få same mulegheiter som eg fekk har vore ei stor glede. Og aller mest glad er eg i å jobbe med barn og unge, sa Bjørnstad, som takka mange, ikkje minst kona Marianne, som har hatt mange åleinekveldar.

Idrettsprisen
Ti spreke fotballjenter vart kalla fram for å motta idrettsprisen for kommunen. Tredjeplassen i Norway Cup er beste valdresresultat nokon gong, det viste sambygdingane å setje pris på. Ordføraren sa då også at han var skikkeleg stolt over å ha så flotte ungdomar i kommunen.

Trenar Jan-Arild Hegdal trekte i takketalen sin fram det gamle, gode ordtaket «øving gjer meister». Han peikte elles på det gode samhaldet og samarbeidet, både på og utanfor banen.

Mange helsingar
Etter matpausen var det fine innslag frå musikkorpsa Bagn og Begnadalen, leia av Ole Fønhus. Seinare var det to sketsjar som fekk lattersalvene til å runge, det var spesiallaga songar til prisvinnarane, og musikk ved gruppa Young Rockers.
Bjørnstad fekk mange helsingar, både musikalsk (ved Ole Kristian Nyhagen på flygelhorn), konfekt, blomar og rakfisk! Og avsluttande song frå Hedalen musikkorps og Arnstein Kjensrud.

Inspirasjon
Største overraskinga, også for hovudpersonen, kom nesten til slutt. Ordførar Helland kunne invitere Elling Fekjær fram for å få H.M. Kongens fortenestmedalje i sølv.

Kongesølv

 

– Eg har vore heldig som har fått jobbe heile livet mitt med å hjelpe dei som kanskje har det tyngst i livet, som slit med psykiske problem. Det er eg takksam for, og denne utmerkinga inspirerer til vidare innsats, sa ein rørt Elling Fekjær, som ikkje minst takka det trufaste og engasjerte personalet på Fekjær.

Nøkkelord: BygdepulsKonsertKulturSør Aurdal

Fra forsiden

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…


Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet a…

Nyheter Sør-Aurdal

@nodeName

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Kari Anne Frantzen i en av sine egne kreasjoner.

Frantzen i Fashion Awards-finale

I dag, mandag, går startskuddet for Oslo Fashion Week, i Oslo. Med å kjempe i finalen i Oslo Fashion Awards er Kari Anne Frantzen, som til daglig driver butikk og verksted i Gullsmedvegen på Fagernes.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.