Det er ikkje til å legge skjul på at Eidsbugarden stundom kan vera ein småkald festivalarena, og det blir ikkje betre når ein står med ein kald øl i neven. Løysinga er ein eigen «ølvøtt», og dei siste vekene har strikkepinnane flagra i Slidre.
Heimestrikka vott
Klokka ti på tysdag blir dei fyrste billettane til neste års eventyr i Jotunheimen lagt ut på festivalens heimesider, og dei raskaste på labben får med den heimestrikka votten på kjøpet. Festivalsjef Eirik Høyme Rogn kan fortelje at omfaget på salet var opp til kapasiteten hjå strikkedamene.
– Som fantomstrikkarar flest har dei jo hendene fulle med å produsere sokkar og huver til barn og barnebarn i desse førjulstider, så det at vi fekk smetta inn 68 vottar i produksjonslinja deira var over all forventing.

Eksklusivt opplag
Dei 68 vottane er særs eksklusive, og finst i herre- og jentemodell i ymse storleikar og to farger. Det spesielle med ølvøtten er at den berre finst til høgrehanda. Den andre handa kan du plassere trygt i gore tex-buksa, anten di eiga eller sidemannen si, forklarar festivalarrangørane med eit smil.
Men sjølv om dette opplaget er ein «limited edition» røper festivalsjefen at ølvøtten kan dukke opp også seinare.
– Vi har allereie planane klare for ein strikkepub på festivalen neste år, der du kan strikke din eigen vott under kyndig rettleiing frå strikkedamene, som allereie har fått eigne «Vinjestrikkar»-uniformer.

Strikkedame Mari Steine syner fram damevotten i bruk.
Færre billettar
Etter at festivalen vart utseld to veker før start i sumar var det ikkje fred å få på telefonane til festivalleiinga. – Eg er ganske sikker på at vi kunne ha seld over tusen festivalpass til om vi hadde hatt, fortel festivalsjefen, som naturleg nok er utruleg glad for den store interessa.
Men i staden for å auke kapasiteten reduserer dei neste år med nokre hundre plassar.
– Det skuldast i hovudsak to ting. Det eine er at logistikken ei evig utfordring for oss, men det aller viktigaste er at Vinjerock skal vera ein intim og triveleg festival i fjellheimen. Det blir den ikkje om du må tilbringe halve helga i folkestim og kø, konstaterer Høyme Rogn, og lovar nyfikne festivaldeltakarar mange friske artistslepp i månadene som kjem.
Vinjerock 2010 går av stabelen 22.-25. juli. Ordinært billettsal byrjar i februar 2010.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger