E16 mellom Fagernes og Ulnes blir neppe opna før i 14-tida – kanskje seinare.
Ulykka skjedde då eit vogntog frå Sogn fekk sleng i ein høgresving. Hengaren trefte eit motgåande vogntog frå Østerdalen.
Begge sjåførane vart frakta med ambulanse til legesjekk på Fagernes. Dei var aleine i bilane.
Ein personbil som kom bak vogntoget frå Østerdalen, klarte å unngå kollisjon ved å kjøre i grøfta. Farta var låg, og det var godt med snø i vegkanten som tok av.
På grunn av «null-føre» var vegen svært glatt då ulykka skjedde. Ingen av vogntoga brukte kjetting.
Bilen som kom vestfrå, var lasta med pallar. Den andre frakta kraftfôr.
Dei materielle skadane var ikkje omfattande. Viking Redningsteneste starta bergingsarbeidet i 12.30-tida. Fordi både lastebilane og tilhengarane står på vegen, kan det ta tid før vegen er rydda for fri ferdsel.
Det tok også tid før trafikken vart omdirigert. Det førte til kaotiske tilstandar.
Også ein annan personbil på veg nordover tørna i grøfta for å unngå kollisjon. Det skjedde bak ein turbuss som hadde stansa ovanfor svingen på sørsida av Svennes Camping.

I've had it for over a month--and it's just awesome!
Kommer til Valdres i dag