– Vi har ikkje pengar i kommunen til å gjennomføre ei slik taksering i 2010, seier rådmann Erland Odden.

Sør-Aurdal førebur eigedomsskatt

Generell eigedomsskatt i Sør-Aurdal kan truleg ikkje bli innført før i 2012.

I sitt budsjettforslag for 2010 legg rådmannen ikkje inn pengar til taksering av eigedommar.


– Har ikkje pengar

– Vi har ikkje pengar i kommunen til å gjennomføre ei slik taksering i 2010. Men vi legg inn 2,2 millionar i disposisjonsfondet, med sikte på at vi dermed skal ha økonomi til å gjennomføre takseringa i løpet av 2011, seier rådmann Erland Odden. Ein reknar med at heile takseringsjobben i Sør-Aurdal vil koma på rundt 5,5 millionar kroner.
Sør-Aurdal kommune har vore nede i ei økonomisk hengemyr, og det må gjerast skikkelege grep for å få kommunen på fote økonomisk.
Kommunen reknar med at eigedomsskatt over heile kommunen vil gi Sør-Aurdal ei årleg ekstrainntekt på mellom 3,2 og 19,4 millionar kroner. Ikkje minst vil det bli store inntekter frå dei rundt 3.400 hyttene i kommunen.

– Nedskjering

Erland Odden opplyser at 2010-budsjettet blir strammare enn nokon gong.

– Vi legg opp til å klare eit netto driftsresultat på seks millionar kroner. Det må vi klare dersom vi skal få betalt ned på underskotet vi pådrog oss i 2008. Dette betyr ei nedskjering på 5,5 millionar kroner i 2010. Skulle vi teke heile underskotet i ein jafs, måtte vi ha skore ned ytterlegare åtte millionar kroner neste år, seier Odden.
Kommunen har for tida ei lånegjeld på 135 millionar kroner, noko som tilsvarar rundt 44.000 kroner per innbyggar.

I 2010 blir det lagt opp til sparsame investeringar.
6,75 millionar kroner er sett av til renovering på Sør-Aurdal ungdomsskule. To millionar kroner skal gå til utbygging på Bagn skule, som konsekvens av elevoverføringar. Omgjering på Tingvolltoppen er rekna til 1,6 mlllionar kroner, og det er dessutan lagt inn 0,6 millionar for å oppfylle IKT-planen.
Budsjett og økonomiplan skal behandlast i kommunestyret torsdag 17. desember.

Nøkkelord: NyheterPolitikkSør Aurdal

1 kommentar til denne artikkelen

UTSETT OPPFØLGING AV IKT PLANEN OG VENT LITT MED ALLE UTBEDRINGER PÅ BAGN MEN BEHOLD HELLER UNGDOMSKOLEN I HEDALEN.FEIL PRIORITERINGER.HVA TROR DERE VI VIL FORLANGE OM DET BLIR EIENDOMSSKATT I BEGNADALEN-IHVERTFALL BELYSNING PÅ STREKTNINGEN HOUGSRUD BRO-BEGNA BRUK OG MYE MER.HUSK BEGNADALEN BIDRAR MED STORE SKATTEINNTEKTER GJENNOM BEGNA BRUK-VI ER OGSÅ SØR-AURDØLER.SE OM DET IKKE ER PENGER Å HENTE VED Å REDUSERE LITT PÅ STABEN PÅ TINGVOLL.HVA MED LITT MINDRE ANSATTE PÅ TEKNISK ETAT M.M 

ELSE RANDI STRØMMEN - 12.12.2009 11:59

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…


Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet a…

Nyheter Sør-Aurdal

@nodeName

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Kari Anne Frantzen i en av sine egne kreasjoner.

Frantzen i Fashion Awards-finale

I dag, mandag, går startskuddet for Oslo Fashion Week, i Oslo. Med å kjempe i finalen i Oslo Fashion Awards er Kari Anne Frantzen, som til daglig driver butikk og verksted i Gullsmedvegen på Fagernes.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.