Gåte la instrumenta på hylla nyttårseftan 2005, like før vi såg dagens lys – men vi ga aldri opp håpet om at vi skulle få tak i dei før eller sidan, seier Eirik Høyme Rogn.

Gåte kjem til Jotunheimen

Vinjerock får særs eksklusivt besøk frå Trøndelag til sumaren.

Folkrockarane frå Trøndelag hadde rukke å legge instrumenta på hylla før Vinjerock såg dagens lys, men festivalleiinga gav aldri opp håpet om å få lokka dei til fjells likevel. På femte året lukkast dei endeleg.

 – Det er ikkje reint få gonger eg har høyrt på Gåte og sett for meg kor magisk det ville ha vorte på scena mellom fjella på Eidsbugarden, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn oppglødd.
Etter fire års pause og massivt press frå fansen gjenreiste Gåte seg under studentfestivalen UKA i Trondheim i haust, og gjorde ein eineståande konsert framfor 5.500 begeistra publikummarar. Den gode kjensla i bandet var der, og saman med alle førespurnadane i etterkant gjorde dette til at dei no har takka ja til ein liten «sumarjobb» i 2010.

 Eksklusiv konsert

Gåte understrekar at det slett ikkje er snakk om nokon permanent oppstandelse som band, men at det avgrensar seg til nokre særs få konsertar sumaren 2010, deriblant på rockefestivalen i fjellheimen. Bandet uttalar sjølve at dei gler seg enormt til konserten, og at Vinjerock var den fyrste festivalen som hamna på lista over aktuelle stader.
– Vi gler oss rått til å spele i sjølvaste Jotunheimen, og kan ikkje tenkje oss ein betre scenografi enn kolossane jotnane sjølv skapte i fjellheimen, skriv dei i ei melding.

Ungt band, lang historie

Sjølv om vokalist Gunnhild Sundli berre så vidt har runda 24 år går bandets historie ti år attende. Den fyrste fullengdaren, «Jygri», kom i 2002 – og Gåte plasserte seg umiddelbart som ein bauta blant norske artistar.
Den unike blandinga av gamle folketonar og rock med referansar til både metall og elektronisk musikk var eit friskt pust i det norske musikklandskapet, og dei var heidra med både platina og spelemannspris.

Oppfølgjaren «Iselilja» kom to år seinare, og held fram der det førre avslutta. Nyttårseftan i 2005 sette Gåte sjølve punktum, men til trass for den korte karrieren hadde dei rukke å opparbeide seg ein enorm fanskare, og ikkje minst vart dei kjende som ei forrykande oppleving live.

 Rift om billettane
Vinjerock la tidlegare i veka ut eksklusive julepakker med «ølvøtt» og billettar i sin eigen nettbutikk, og rifta om desse var så stor at festivalens heimesider i ei periode vart umoglege å koma inn på. Det ordinære billettsalet skulle eigentleg ikkje byrje før i februar, men med Gåte på plass har leiinga valt å framskynde dette, slik at salet startar allereie i dag, laurdag, klokka 10.

Festivalsjefen oppmodar folk om å vera tidleg ute.

– I år vart vi utselde i god tid før festivalen, og det er ingenting som tyder på at interessa er mindre framfor den komande. Når vi i tillegg reduserer talet på billettar med nokre hundre bør ein nok ikkje vente for lenge, konstaterer han, og røper samstundes at festivalen kjem til sleppe ein ny artist kvar dag i neste veke, i rein lykkerus over den overraskande førjulsgåva frå Trøndelag.

 

Vinjerock 2010 går av stabelen 22.-25. juli. Meir info på www.vinjerock.no

Nøkkelord: VinjeRock

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og v…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…

Nyheter Vang

@nodeName

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Avlivet storfe etter utforkjøring

Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet at de ble avlivet på stedet, mens de andre ble fraktet videre til slakteriet med annen transport.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Øystre Slidre

Illustrasjonsfoto: Scanstock

Rocka sommer for unge valdriser

For første gang arrangeres det til sommeren Rockesommer på Brennabu; en skare veletablerte musikere står klare til å kurse unge rock- og popinteresserte ungdommer.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.