– Det var ein jerv. Han stod på snøskavlen, berre 3-4 meter frå hytteveggen. Vi vart like forskrekka begge to.
Ektemannen hennar, Finn Thue, avslørte ærendet til gjesten:
– I ei eske utanfor døra pleier vi å sette middagsmat som kona har laga opp. Eska var riven i filler, og plastboksane med maten var borte. Eg følgde spora, og fann att boksane – utan lokk og tomme.
Laksen, kyllingen og pinnekjøtet hadde tydelegvis falle i smak.
– Det som stod att, var ei jerngryte med oksekjøt. Han hadde vel tenkt å dra med seg den då han vart avslørt. Jerven hadde også rive sund ein pose med brokkoli. Men grønsakene var berre slengt utover. Han var nok kjøtsvolten, den karen.
Synnøve og Finn er glade for at dei berga oksekjøtet.
– Kva synest de om å ha eit slikt stort rovdyr inntil hytteveggen?
– Det var ei innmari flott oppleving. Vi håper at han klarer å finne mat på annan måte. Det er kjekt å vite at det også finst slike dyr i fjella her, i tillegg til rype og rev, som vi ser ofte, seier Kongsberg-paret.
– Blir det smalhans på dykk, no då, etter at «fillefrans» gjorde innhogg i matlageret?
– Ingen fare; vi ringer berre Hermundstad på Tyinkrysset, forsikrar Finn Thue.

I've had it for over a month--and it's just awesome!
Kommer til Valdres i dag