Ein svart fuglehund løp att og fram i vegen på fylkesveg 33 på Tonsåsen i 18.30-tida fredag, og det var fare for at han skulle bli påkjørt. Han hadde truleg slite seg. Han hadde eit langt raudt tau hengande etter seg. Hunden vart teken hand om av ein bilførar og seinare overlate til ein kennel i Valdres. Politiet kan kontaktast og gje informasjon om kvar hunden er.
Elgpåkjørsel
I 22-tida fredag skjedde dei ein elgpåkjørsel ved Lundebrua i Etnedal.
Det oppstod ingen personskade då ein personbil kjørte på elgen. Fallviltgruppa sette i gang søk etter elgen, som forsvann til skogs.
Slagsmål på Beitostølen
Klokka ti på to natt til laurdag fekk politiet melding om eit slagsmål utanfor ein serveringsstad på Beitostølen. Lokalbefolkning og austeuropearar var involverte. Personane vart bortvist av politiet – men ein person følgde ikkje politiets pålegg og blir meld til politiet.
Propan tok fyr
Litt før klokka ti fredag morgon tok ein propanvarmar fyr inne i ei hytte på Yddin. Både brannmannskap og politi kom til staden. Ein lekkasje på ein slange var truleg årsaka. Hytteeigaren klarte sjølv å sløkkje brannen.
Innbrot på Fagernes
Det er gjort skadeverk hos heimetenesta på Fagernes. Fire ruter er knuste i bygget til heimetenesta, samt at det er knust ruter i andre etasje, der ungdomsklubben held til. Staden er sikra av politiet, og forholdet er meld til politiet.
Kongeparet i Bagn
Kongeparet fikk blant annet se spelet om Vangen, med Gudbjørg Fønhus Stensrud som forteller, da de gjestet Bagn og Vangen onsdag formiddag. Alle foto: Marit Beate Kasin

I've had it for over a month--and it's just awesome!
Kommer til Valdres i dag