Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) har slått seg saman med skognæringa for å gi eit særskild opplegg for elever frå dei tradisjonelle skogsfylka på Austlandet.
Gratis skyss
Alle vidaregåande skuler i Telemark, Buskerud, Oppland og Hedmark har fått invitasjon til ein dag med fokus på realfag og naturbruk.
– Vi tilbyr ein full skuledag med fagleg opplegg tilpassa fag, klassetrinn og læreplanmål. Vi er sjølvsagt fleksible dersom de har spesielle behov, seier Johan Berlin i Skuletenesta ved UMB.
Opplegget kan gå føre seg på universitetet, på skulane eller ute i ein lokal bedrift. Skoglauget står for skyssing att og fram.
God utsikt
– Utdanning i Skogfag gir god framtidsutsikt. I næring og forvaltning er det stort behov for kompetent arbeidskraft, og historisk sett har nyutdanna kandidatar i Skogfag frå UMB særs gode moglegheitar for arbeid, seier instituttleiar Hans Fredrik Hoen ved Institutt for naturforvalting (INA) ved UMB..
Ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) får man den høgste skogfaglige utdanninga i Noreg. Universitetet tilbyr både bachelor- og mastergrad i skogfag.
Eiga stipend
Alle som begynner på bachelorgradstudiane får 5000 kroner i oppstartstipend pluss gratis datamaskin og pensumlitteratur. Et avgrensa tal studentar får kvart år eit mastergradstipend på 50.000 kroner ved gjennomførte studiar. I tillegg premieres den beste masteroppgåva kvart år med 50 000 kroner. Dessutan får studentane laupande oppfølging og kontakt med bransjen gjennom heile studietida og ein god traineeordning som gir bred bransjeerfaring etter utdanninga.
Julegateåpning på Fagernes
Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Ta de ein bølle... SutreNils.
Staut på TV i kveld