Stor undersøking i Valdres

Det er klart for ein stor kartlegging av trivsel, helse, framtidstru og haldningar til psykisk helse blant innbyggarane i Valdres.

Innbyggarar over 18 år i til saman 12 bygder i Valdres, to for kvar kommune, blir invitert til å delta i ei stor undersøking våren 2010.  

Undersøkinga er ein del av prosjektet «Valdres Viser Veg». Professor Tom Sørensen ved Universitet i Oslo er fagleg ansvarleg for undersøkinga, har ansvar for utarbeiding av spørjeskjema og analyse av data. Han har erfaring frå liknande prosjekt mellom anna i Lofoten (Liv laga i Lofoten). Nasjonalt folkehelseinstitutt er også samarbeidspartnar.    

Målet med undersøkinga  

Målet med undersøkinga er kartlegging av korleis innbyggarane opplever bygda dei bur i.  Dette vil gje informasjon til kommunen og politikarar, til lokale lag og foreningar, som er oppteken av utvikling og trivsel, om kva innbyggarane er oppteken av, kva som vert oppfatta som styrker, og om utfordringar.  I Lofoten ga informasjon frå tilsvarande undersøking grunnlag for målretta prosjekt og nytt engasjement i fleire bygder.   
Det skal også kartleggas korleis innbyggarane opplever eigen helse, fysisk og psykisk, og evne til å hanskast med utfordringar i livet.

Forhold knytt til gardsdrift
Undersøkinga har også tatt med ein del spørsmål spesielt for personar som bur på gard, dette er spørsmål som også vart brukt i undersøkinga om kvinner og tilflytting. Svar på desse spørsmåla vil vera nyttig for dei som arbeider for å oppretthalde og utvikle landbruket sin plass i Valdres. Det er og viktig for prosjektet Mø talast i Valdres   
Undersøkinga kan også sjå om det er særlege forhold ved bygdene som påverkar innbyggarane sin oppleving av eigen helse og evne til å møte kriser i livet.  

Gjennomføring  
Det er ei anonym spørjeundersøking, det vil ikkje vera muleg å finne tilbake til den enkelte som har svart.  
Alle kommunane i Valdres har plukka ut to bygder, (Hedalen, Reinli, Bruflat, Steinsetbygda, Aurdal, Ulnes, Røn, Lomen, Åsvang, Øye, Skammestein og Volbu) der innbyggarane over 18 vil få utdelt skjema.

Erfaring frå andre stader viser at svarprosenten aukar stort ved å dele ut og hente inn skjema, i staden for å bruke post.  
– Vi har som mål å dele ut skjema, anten ved å levere det på døra, eller legge i postkasser, og så hente dei inn 3 – 7 dagar seinare. Det vil også vera muleg å levere utfylte skjema til kommunen, og vi vurderer også andre mulegheiter.   
        
– Vi har bedt sanitetsforeiningar, helselag og andre organisasjonar som har folkehelsearbeid som ein del av sitt formål til å hjelpe oss med denne store jobben, Valdres Viser Veg, Berit Synnøve Øygard i ein pressemelding.   
 
- Vi håper å ha gjennomført undersøkinga i løpet av mars-april. Dei første planlegger å starte før påske.

Formidling av resultat
Professor Tom Sørensen er ansvarleg for å analysere data.  
Resultata vil bli presentert for kommunane i Valdres, men først og fremst i dei bygdene som deltek i prosjektet. Det er viktig at informasjonen kjem tilbake til dei som har medverka.
Når data er analysert vil Valdres Viser Veg samarbeide med kommuneleiing og lokale lag om formidling av resultat.  

 
 

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og v…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…

Nyheter 

@nodeName

Kollisjon i Vang

En lastebil og en personbil kolliderte i Vang ved 14.30-tiden.

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Avlivet storfe etter utforkjøring

Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet at de ble avlivet på stedet, mens de andre ble fraktet videre til slakteriet med annen transport.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Øystre Slidre

Illustrasjonsfoto: Scanstock

Rocka sommer for unge valdriser

For første gang arrangeres det til sommeren Rockesommer på Brennabu; en skare veletablerte musikere står klare til å kurse unge rock- og popinteresserte ungdommer.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.