Dei originale sjala vart brukte til rutastakken i øvre Valdres, og motedrakta i andre halvdel av 1800-talet.
Valdres Folkemuseum eig seks slike sjal. Bunad- og folkedraktrådet har i tillegg registrert 15 ulike sjal i privat eige. I Hallingdal har ein brukt sjal av ein liknande type.
Dei rekonstruerte sjala er i fargane brunt, grønt og fiolett, med svart mønstertrykt rosebord, og kan brukast til både bunad og vanlege klede.
Handsydde
Sjala er 120 x 120 cm store med handsydde kantar og handknytte frynser. Duran Textiles, med Laila Duran og Martin Ciszuk i spissen, har spesialisert seg på å rekonstruere historisk stoffmateriale. Dei samarbeider med skandinaviske museum og private samlingar på den eine sida, og veveri og trykkeri i India på den andre.
I India er det mogleg for Duran Textiles å trykke dei rekonstruerte stoffa for hand. Produksjonen i India er i liten skala, og blir i visse område gjort på same måte som på 1700-talet, noko som gjev reproduksjonen ein autentisk karakter.
Open dag
Under Open dag på Valdres Folkemuseum blir dei originale sjala og dei nye sjala vist i ei temporær utstilling og det blir eit lite foredrag om sjala kl. 13.00. Ellers blir det omvisingar i Velkomstbygget klokka 12.00 og 14.00, der dei opnar dørene for å syne fram bygget innvendig for alle nysgjerrige, skriv Valdres Folkemuseum i ei pressemelding.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke