Arealplanleggar Knut Frode Framstad vart stadig avbroten av innvendingar frå salen.
– Eg føler tendens til hetsestemning, sa han, og appellerte forsamlinga om å finne ein annan arena for meiningsytringar.
Framstad deltok på møtet for å orientere om planen som avisa Valdres omtalte onsdag under titlane «Gondol kan løfte Beitostølen» (første side) og «Lykkja kan bli alpint».
Salen oste av skepsis
– Vi er berre så redde for å miste kvalitetane som Beitostølen har i dag, forklarte ei kvinne i salen, og hausta applaus.
Alle som uttrykte skepsis mot nye hytter og leilegheitsanlegg og nye, ruvande heisanlegg i etablerte hytteområde, vart bakka opp med applaus.
Vanleg med protestar
– Dei unge var ikkje her. Denne forsamlinga er ikkje representativ for hyttefolk generelt, sa ein hytteeigar i ein kommentar til «Valdres» etter møtet. Han var ikkje med på applausen.
Historia gjentar seg. Kvar gong planleggarane i Øystre Slidre kommune har presentert arealplanar som viser korleis politikarane vil styre den vidare utviklinga, er dei blitt møtt med protestar frå hyttefolk. Mange av dei som deltok på møtet onsdag, har kjøpt hytter som ikkje ville blitt bygde om protestane frå tidlegare hyttefolk vart tatt til følge.
Diamentrale utgangspunkt
Interessemotsetninga er tydeleg. Kommunen vil legge til rette for vidare utvikling fordi byggeaktivitet og reiseliv er dei einaste vekstkraftige næringane. Hyttefolk fryktar at ei byutvikling vil øydelegge idyllen, skape stygge sår i naturen og danne endå fleire stengslar når dei skal ut på tur.
Kontroversiell heis
Planleggarane har ei utfordring i å finne gode trafikkløysingar.
Ei endå større oppgåve blir det å få aksept for det skisserte heisanlegget mellom Bjødnabakkadn og Stakkstølie. Åtvaringane på møtet onsdag var eintydige:
– Heisen vil ligge i synsranda mot Bitihorn, som er sjølve landemerket for Beitostølen.
Protestbrev
Nils Herman Hornnæss las opp eit protestbrev som styret i Beitostølen Vel har formulert mot heisen og alpintraseen på nedsida av fylkesveg 51.
– Forslaget til ein heis som skal krysse vegen, er destruktiv for ryet som Beitostølen har som Norges beste destinasjon for rekreasjon, langrenn og turgåing, heiter det.
– Eg tok ein dør-til-dør-aksjon tysdag for å informere om møtet, og folk var meir enn villige til å skrive under på oppropet, sa Hornnæss.
Langfredag hadde nærare 150 skrive under på protestbrevet.
Meir frå møtet om kommunedelplanen i papiravisa onsdag.

KONTROVERSIELL: Den skisserte heisen i synsranda mot Bitihorn skaper motbør. ILLUSTRASJON: Øystre Slidre kommune


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger