Ikkje sal
Mot tre stemmer gjekk kommunestyret inn for å tilby Hansegård leigekontrakt over ti år, med ti år fornying etter det. Det ligg òg i vedtaket at kommunen ikkje skal tene pengar på dette, men ta null kroner i husleige. Hansegård må òg betale straumen sjølv. Eit anna viktig moment er at det skal ikkje skal koma nokre andre utgifter for kommunen i dette.
Det siste er ikkje foreinleg med at Hansegård vil at kommunen skal betale for nødvendig ombygging.
Seier nei
I ein SMS til avisa Valdres tyder alt på at Hansegård vil takke nei til tilbodet om leige. I så fall ligg det an til at gamle Rogne skule likevel blir rive, men då har iallfall kommunen kome med eit tilbod til Hansegård.
– Eg informerte kommunestyret siste veke om at det ikkje er interessant for meg å få tilbod om å leige ein bygning dersom leigetakaren lyt betale den nødvendige ombygginga, skriv Hansegård.
Les meir i papiravisa i morgon.
Her finn du dei offentlege dokumenta i saka.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger