Sol av Isfolket er Noregs einaste fantazy-teater, og vert i år sett opp for tredje gong på Valdres Folkemuseum. Friluftsteateret er basert på dei tre fyrste bøkene i Sagaen om Isfolket, av Margit Sandemo, og vert framført i perioden 15. -24. juli. Regien er ved Leif Stinnerbom, teatersjef ved Sveriges største friteater, Västanå Teater i Värmland.
Langaas fekk stillinga som teatersjef måndag 21. juni. Opninga på premieren 15. juli, vil vera hennar fyrste eksterne oppdrag som teatersjef.
Viktig arena
Sol av Isfolket er ein viktig arena for profesjonell scenekunst i Oppland. Med Heidi Ruud Ellingsen, Svein Harry Schöttker Hauge, Frode Winther, Cato Skimten Storengen og Ellen Birgitte Winther i hovudrollene. Dansarar som Kristine Mari Hansen og Ola Stinnerbom, gjer dansen til ein viktig del av framsyninga. Musikken er komponert av Marit Karlberg, og byggjer mellom anna på folkemusikk. Teateret har med dette eit særprega, samansett og variert, kunstnarisk uttrykk.
Forventningar og godt samarbeid
Janne Langaas ser på Sol av Isfolket som ein markant kulturaktør i Oppland. For Langaas er det viktig med godt samarbeid framover, både med Sol av Isfolket, og dei andre profesjonelle aktørane i Oppland. Ho inviterer til kontakt, for å lytte, arbeide saman og skape kontakt, utan at alle føringar er lagt.
Sol av Isfolket er stolte over å vera fyrste oppdrag for den kommande teatersjefen, som startar i stillinga 1. januar 2011.
– Vi er ein sentral del av teaterlivet i innlandet, og det er viktig for oss å vera engasjerte på ein arena som Teater Innlandet. Teaterperspektivet åt Langaas, der musikk og dans får vera del av det sceniske uttrykket, er viktig for oss. Vi er spente på Janne Langaas sitt bidrag til vidare utvikling av teateret vårt, og vi ser fram mot eit godt samarbeid, uttalar dagleg leiar Anne-Marte Før.

Til dere som klager over valg av artister til årets festival: Har dere selv noen spesielle ønsker om artister, eller klager dere bare for å klage? Gi festi
Klar for nok en rakfisk