Kvennfossen Kraft AS har søkt om løyve til å bygge Kvennfossen kraftverk i hovudvassdraget Begna i Sør-Aurdal kommune. Kraftverket var planlagt med dam tvers over elva ved Kvennfossen eller Purkefossberget, og med kraftverket som ein integrert del av damkonstruksjonen. Kraftverket ville gjeve ein årleg produksjon på 20-21 GWh, avhengig av alternativ, noko som svarar til straumbruken til rundt 1000 husstandar.
Hovudargumenta i mot ei utbygging er primært knytt til negative verknadar for biologisk mangfald, melder NVE. Området ved Kvennfossen er registrert som eit av dei områda i Begna med størst tettleik av elvemusling. Elvemusling er kategorisert som sårbar på den Norske Raudlista 2006 og som sterkt truga på IUCN sin globale raudliste. Etter NVE sitt syn vil ein utbygging av Kvennfossen minske ein levedyktig bestand av elvemusling.
Tidlegare utbyggingar i vassdraget har ført til at areal med urørte stryk og hurtigrennande vatn, som er viktig for mange artar, alt er sterkt redusert i vassdraget. Bygging av Kvennfossen kraftverk ville ført til at strykstrekningane ved Kvennfossen vart borte. Dette ville etter NVE sitt syn gjeve store, negative konsekvensar for gyte- og oppvekstområde for aure. Ein utbygging ville og ført til at området sin funksjon som vinteropphaldsstad for fleire artar vassfugl ville verte negativt påverka. I tillegg ville aktuelle utbygging ført til store landskapsmessige endringar av området.
– NVE meiner at bygging av Kvennfossen kraftverk vil verke negativt inn på fleire allmenne interesser og kan ikkje sjå at dei føreslegne avbøtande tiltaka er tilstrekkeleg til å ivareta desse interessa. Vi meiner difor at fordelane ved bygging av Kvennfossen kraftverk er mindre enn ulempene og avslår søknaden.
Julegateåpning på Fagernes
Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke