– Sol av Isfolket er jo hjartebarnet mitt, seier ho på telefon frå Skåne.
– Ei mengde aktørar gjennom fleire år har prøvd å produsere teater av bokserien min, men det er berre Sol av Isfolket som har lykkast til no, seier ho.
Margit Sandemo er meir aktuell enn nokon gong. I ein alder av 85 år kjem nå hennar sjølvbiografi, som ho har blir spurt om å lage i over tjue år.
- Det har vore uhyggeleg vanskeleg, men nå er det gjort, seier Sandemo til Lisbeth David-Andersen i Bok i P2, om det å skrive bok om seg sjølv. Mellom stive permar fortel ho om barne- og ungdomstid, oppvekst i Norge og i Sverige, forfattarskapen, familielivet og hjelparane våre.
Onsdag 14. juli får vi høyre meir om biografien og friluftsteateret Sol av Isfolket på direktesending på «NRK Sommeråpent». På premieredagen torsdag 15. juli er Sol av Isfolket hovudtema i NRK Hedmark/Oppland sin ettermiddagssending, med programleiar Madeleine Cederström.


Staut synger ikke på ekte valdresdialekt. I mitt hode er ekte valdresdialekt et uttrykk som kun kan brukes av folk som ikke har greie på dialekter. Det er
Staut på TV i kveld