Fondet skal gje støtte til rørslehemma ungdom mellom 15 og 30 i år som vil realisere sine turdraumar i Noreg.

Vinjerock med fond for rørslehemma

Vinjerockfondet skal realisere turdraumar for rørslehemma ungdom.

I samarbeid med blant andre Den Norske Turistforening og Fairtrade etablerer rockefestivalen på Eidsbugarden sitt eige fond. Vinjerockfondet skal gje støtte til rørslehemma ungdom mellom 15 og 30 år som vil ut på tur i norsk natur.

Tilrettelegging for rørslehemma har vore eit satsingsområde for festivalen i Jotunheimen heilt frå fyrste stund, og det har til tider vore trongt om plassane både på festivalens «handicamp» og på rullestolrampa framfor scena. Denne gode responsen gav festivalleiinga ideen til å satse enno meir på dette arbeidet.
    – Med dagens hjelpemiddel er det meste mogleg, men dessverre er det ofte slik at alle dei ekstra kostnadane for alt rundt set ein stoppar, fortel festivalsjef Eirik Høyme Rogn.

Samarbeidsprosjekt
Med dette i bakhovudet tok leiinga i Vinjerock initiativet til å etablere eit turfond i samarbeid med sine støttespelarar i Den Norske Turistforening. Dei tente på ideen umiddelbart, og då byrja ballen å rulle.
    Fondet skal mellom anna gje støtte til utgifter med ledsager og transport til og frå – eller for etapper under – turane. Det vil bli to søknadsfristar i året, og ein jury med representantar frå samarbeidspartane og eksterne kvalifiserte personar vil stå for tildelingane. Fondet vil vera ope for søkjarar frå heile landet, det einaste kravet er at dei er innafor aldersavgrensinga og har fast bustadsadresse i Noreg.
    Ein annan samarbeidspartnar av Vinjerock, Vang Sparebank, har teke på seg å forvalte fondet vederlagsfritt, slik at alle inntektene kan gå uavkorta til å realisere turdraumar.
    – Den velvilja set vi utruleg stor pris på, for det er veldig viktig for oss å ikkje samle inn pengar som til sjuande og sist blir ete opp av byråkrati og papirarbeid, slår Høyme Rogn fast.

Kaffi, pant og kunst
Ved sidan av å oppmode alle sine samarbeidspartnarar om å bidra med eit beløp har festivalarrangørane fleire prosjekt på årets festival for å skaffe inntekter til fondet. Eit av dei største er eit samarbeidsprosjekt med Fairtrade Max Havelaar Norge, som driftar «Aasmunds Kaffebar» på festivalen. Alt overskotet derifrå vil gå uavkorta til fondet.
    I tillegg vil festivalen gje ei krone til fondet for kvart ølglas som blir panta på festivalområdet, noko som gjev dobbelt effekt for Vinjerock når miljøet blir skåna i tillegg.
    Det siste prosjektet under årets festival er kanskje det mest spesielle. Festivalsjefen kan nemleg røpe at alle artistane på festivalen blir invitert til å måle eit bilete backstage, som blir auksjonert bort til inntekt for Vinjerockfondet etter festivalen.
    – Vi har allereie fått fleire meldingar frå artistar som gler seg stort til å svinge penselen, sjølv om fleire av dei var kjapt ute og slo fast at dei ikkje kunne garantere for den kunstnariske kvaliteten, ler Høyme Rogn.

Nøkkelord:

1 kommentar til denne artikkelen

Ich bin begeistert über Norwegen.Bin jedes Jahr in Norwegen bei meine Mama ,super Land .Weiter so.Vera aus Berlin 

Vera-Ruth@gmx.de - 17.07.2010 12:27

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…


Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet a…

Nyheter Vang

@nodeName

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Kari Anne Frantzen i en av sine egne kreasjoner.

Frantzen i Fashion Awards-finale

I dag, mandag, går startskuddet for Oslo Fashion Week, i Oslo. Med å kjempe i finalen i Oslo Fashion Awards er Kari Anne Frantzen, som til daglig driver butikk og verksted i Gullsmedvegen på Fagernes.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.