– Hadde eg fått vite at vegen kunne bli stengt i over tre timar, ville eg kjørt ned att til Fagernes, over Hemsedalsfjellet og tilbake til Filefjell, seier Jon Alsaker frå Sotra.
Sakna informasjon
Alsaker, som var på veg frå Oslo til hytta på Filefjell, hevdar at den veksande køen av ventande bilistar fekk mangelfull informasjon.
– Vegen vart stengt på anleggsområdet ved Varpe bru. Eg kom dit litt før kl. 21. Etter kvart strekte køen seg ned mot Øye, truleg minst ein kilometer. Samtidig auka frustrasjonen blant dei mange hundre i bilane for at vi ikkje fekk vite kor lenge vi måtte vente. Trafikkvakta som sjølv gjekk rundt blant bilane, var sjølv frustrert for at han ikkje visste det, seier Alsaker.
35 kubikkmeter
Først ved midnatt var det rydda plass for personbilar å passere.
– Vi tok ut alt disponibelt mannskap. I begge endar hadde vi trafikkvakter ute for å informere om det som hadde skjedd. 10-12 mann var i sving. Fjellblokka var rundt 35 kubikkmeter, og det var vanskeleg å vita nøyaktig kor lang tid det ville ta å rydde den bort, seier anleggsleiar Bengt Jangefelt i entreprenørselskapet Hab Construction AS.
Lenger venting for lastebilar
Informasjonssentralen til Vegvesenet fekk melding om stenginga klokka 21.01. Etter det vart meldinga sendt ut over P1 på NRK. I første omgang håpa entreprenøren å opne vegen etter ca. ein time. Først klokka 23.51 vart personbilane sleppte forbi.
Blokka måtte sprengast i ein ny omgang for å gi passasje for dei store bilane. Klokka 02.30 vart det gitt grønt lys for 20 ventande lastebilar på nedsida og to på oversida av Varpe bru.
Julegateåpning på Fagernes
Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke