– Denne er 5,9 meter lang og har ein 7.5 liters motor, fortel eigaren av ein Cadillac 1974-modell, Vegard Tveiten frå Lunde i Telemark.
Bilen til Christine Tønnesen frå Sollihøgda har fem færre sylindrar og er nesten to meter kortare. Men Wartburg-en frå 1968 går lell, den.
At amerikanarar og småbilar har treff samtidig på same stad, er eit tilfeldig treff.
«Treff til 1000» blir arrangert av Norsk Fiat-register og Wartburg-losjen i fellesskap. Det er for bilar med inntil 1000 kubikkcentimeters slagvolum. 51 kjøretøy med tre og fire hjul deltok. Laurdag kjørte dei sørover gjennom Reinli til Juvkam, der Lasse og Rune Juvkam varta opp med servering og utsikt som imponerte dei tilreisande.
Amcar Valdres inviterer til mønstring på området til Asko søndag. Av dei rundt 30 som installerte seg på campingplassen på Leira før helga, deltok eit 20-tals på cruising til Beitostølen laurdag. Der erkjente Amcar-entusiastane at det var moro å kjøre bil utan motor også – det gjekk unna så det kvein i svingane på olabilbanen.
Sjå bildeserie.
Julegateåpning på Fagernes
Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke