I meir enn fem år har det vore jobba med å realisere bygging av ein fleirbrukshall i Etnedal. Gjennom prosessen har det vorte klart at hallen fyrst og fremst må bli ein hall for idrett, med kunstgrasdekke for fotball og løpebaner og hoppegrop for friidrett ved sida av.
Stålhall
Kommunestyret valde å gå vekk frå den tidlegare skisserte løysinga med plasthall, og sa ja til stålhall. Sjølv om stålhallen er noko dyrare å byggje blir driftsutgiftene lågare fordi den kan isolerast. Ein stålhall har dessutan lengre levetid. Det vil bli nødvendig med eit tilbygg på om lag 150 kvadratmeter, blant anna til lager og garderobar for skifting.
Tilskot og momsrefusjon
Heilt eksakt kostnad er vanskeleg å få fram før kontrakt er skrive. I underkant av 15 millionar kroner er antyda i ei førebels kostnadsberekning gjort av SBG Byggprosjekt AS. Den lokale hallgruppa har alt skissert mulege innsparingar på vel 1,8 millionar kroner. Det som er klart er at ein stålhall vil oppfylle krava til spelemidlar på opp mot 2,5 milionar kroner. Kommunen vil også få refundert momsutgifter på bortimot 3,7 millionar kroner.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke