Ein samferdslehistorisk viktig stad langs Kongevegen finn ein like utanfor Nystuen hotell. Her ligg fleire generasjonar veg ved sidan av kvarande og gjev både vandrarar og forskarar høve til å studere veghistoria. På biletet: Jan Adriansen i Statens vegvesen.

Vegvesenet kartlegg populær turveg

Langs den gamle kongevegen mellom Øye og Lærdal står dei spektakulære opplevingane i kø. Denne sommaren skal dette veghistoriske kulturminnet registrerast.

Kongevegen over Filefjell
 
- Kongevegen over Filefjell (Den Bergenske Kongeveg) vart bygd i 1790-åra, og utbetra og
endra i 1840-åra. Vegen var ein av dei første statlege vegane som vart bygd i Noreg, og
den første ein kunne køyre mellom aust og vest.
- I løpet av sommarmånadane skal tre studentar frå Universitetet for miljø og biovitenskap i
Ås og frå Høgskulen i Sogndal gå heile den åtte mil lange strekninga, måla opp,
fotografera og skriva ned detaljar kring vegen.  
- Arbeidet med registreringane er ein del av eit forprosjekt som skal kartleggja om det er
mogleg å leggja til rette for ein samanhengjande turveg mellom Lærdalsøyri og Vang i
Valdres. Kongevegen er utgangspunkt, men der den manglar eller ikkje kan brukast, vil
ein sjå etter alternative trasear.  
- Kongevegen over fjellet mellom Nystuen og Maristuen, gjennom Galdane og Vindhella er
allereie populære turvegar og er mykje nytta i reiselivssamanheng både i Lærdal og Vang.
Som kulturminne har Kongevegen stor nasjonal verdi og deler av den er freda.
- Prosjektet er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Oppland fylkeskommune, Sogn og
Fjordane fylkeskommune, Lærdal kommune, Vang kommune og Valdres natur og
kulturpark. Det er Statens vegvesen som leiar arbeidet.

Kongevegen over Filefjell – Den Bergenske Kongeveg – vart bygd i 1790-åra, og utbetra og endra i 1840-åra. Vegen var ein av dei første statlege vegane som vart bygd i Norge, og den første ein kunne køyre mellom aust og vest. Vegen er difor ein viktig del av samferdslehistoria i landet.  

Kulturminne
Kongevegen er i dag rekna som eit veghistorisk kulturminne av stor nasjonal verdi og er ein unik attraksjon. Delar av vegen er med i Statens vegvesen sin nasjonale verneplan, og somme strekningar er freda etter kulturminnelova.  
I sommar skal Kongevegen registrerast. Heile vegen mellom Øye i Vang og Lærdal skal kartleggjast og tilstanden dokumenterast. I løpet av sommarmånadene skal tre studentar frå Universitetet for miljø og biovitskap i Ås og frå Høgskulen i Sogndal gå heile strekninga,
måla opp, fotografera og skriva ned detaljar kring vegen.  
– Dette arbeidet skal gje oss kunnskap om korleis det står til med vegen, og eit oversyn over kva for tiltak ein treng å gjera om vegen er i dårleg stand. Samstundes vil ein få kartlagd alle små og store vegstubbar som er att av Kongevegen, fortel prosjektleiar Tine Eikehaug.

Vandreturisme
Arbeidet med registreringane er ein del av eit forprosjekt som skal kartleggja om det er mogleg å leggja til rette for ein samanhengande turveg mellom Øye og Lærdal med Kongevegen som utgangspunkt. Der Kongevegen manglar eller ikkje kan brukast, vil ein sjå etter alternative trasear. Kongevegen over fjellet mellom Nystuen og Maristuen, gjennom Galdane og Vindhella er allereie populære turvegar og er mykje nytta i reiselivssamanheng både i Lærdal og Vang.  
– Kan ein i framtida få til ein samanhengande turveg mellom Øye og Lærdal – ei lang, samanhengande vandring på dei historiske vegane – vil dette kunne vera ein styrke for næringslivet og reiselivssatsinga i regionen, meiner prosjektleiaren.  
 

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden

Relaterte artikler

Mest lest


Drukna på traktor i Slidrefjorden

Ein mann i 60-åra drukna i 14-tida laurdag då han gjekk gjennom isen med traktor på vestsida av Slid…


Spår sommerværet

Utflytta valdris Kim Are Stende (25) jobber som healer og klarsynt medium. Nå har han spådd sommervæ…


Avlivet storfe etter utforkjøring

En dyretransport fra Nortura kjørte onsdag formiddag av vegen ved Åbjør. Enkelte dyr ble så skadet a…

Nyheter Vang

@nodeName

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.

 
Bildegalleri Julegateåpning på Fagernes

Julegateåpning på Fagernes

Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland

Gallerier

Vis alle
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule.
Nyhende - Avslutning på Heggebø skule (15 bilder)
Motorsykkelens dag Fagernes 2011.
Motorsykkelens dag Fagernes 2011 (11 bilder)
Fylkesmønstring UKM.
Fylkesmønstring UKM (18 bilder)
Tonna Brix på VGS.
Tonna Brix på VGS (11 bilder)

Siste fra andre tema

Nord-Aurdal

Kari Anne Frantzen i en av sine egne kreasjoner.

Frantzen i Fashion Awards-finale

I dag, mandag, går startskuddet for Oslo Fashion Week, i Oslo. Med å kjempe i finalen i Oslo Fashion Awards er Kari Anne Frantzen, som til daglig driver butikk og verksted i Gullsmedvegen på Fagernes.

Sør-Aurdal

Skiglede i Haugakollen

Skiglede i Haugakollen

Nærmere 60 hoppere konkurrerte sist helg i Haugakollen i Bagn, som var finpreppet til kretsrenn med innlagt Veidekke-Cup i hopp og kombinert.

Vestre Slidre

Den estiske semitraileren, som var fylt med laks, hamna nesten i veggen på hyttene ved Fosheim Hotell. Foto: Tor Harald Skogheim

30 tonn laks i grøfta i Røn

Ved eitt-tida natt til onsdag kjørte ein estisk semitrailer ut av E16 ved Fosheim-krysset i Røn og vart liggjande på taket.

Vang

Maren Wangensteen i ski-NM på Voss. Arkivfoto: Kåre Strande

Knalløp av Maren Wangensteen fra Vang

Maren Wangensteen ledet 10 kilometeren for kvinner under ski-NM på Voss torsdag. Men så kom «storkanonene». I mål ble hun nummer ti, som er en oppsiktsvekkende sterk prestasjon av skiskytterjenta.