Alle artistane på årets utgåve av rockefestivalen i Jotunheimen vart oppmoda om å måle eit bilete til inntekt for det nystarta Vinjerockfondet. Samtlige bidrog med sine penselstrøk, og i morgon startar den spesielle auksjonen på internett.
Livet bak scena kan by på så mangt for store og små rockeband, men backstage på fjellet er ikkje heilt det same som backstage andre stader. Når artistane kom til Vinjerock på Eidsbugarden i sumar vart dei nemleg møtt med penslar, lerret og målingstuber.
– Vi var jo veldig spente på om artistane hadde lyst til å bidra til prosjektet, og då var det kjempekjekt for oss å sjå at samtlige ville svinge penselen. Nokon var attpåtil så gira at dei truleg kunne måla fleire titals bilete, ler festivalsjef Eirik Høyme Rogn.
Vinjerockfondet får pengane
All inntekt frå auksjonen går uavkorta til det nystarta Vinjerockfondet, som festivalen tok initiativ til å etablere blant anna i samarbeid med Den Norske Turistforening og Fairtrade Norge. Fondet skal gje støtte til rørslehemma ungdom som vil realisere turdraumar i norsk natur, og denne kunstauksjonen er ei av fleire bidragskilder til fondet i år.
– Under festivalen ga vi ei krone til fondet for kvart drikkeglas som vart panta, og i samarbeid med Fairtrade Norge gjev vi vekk heile overskotet frå vår felles kaffibar. Årets Vinjerockpublikum var så kaffityrste og panteglade at det ser ut til å bli ein fin sum, og dermed kan vi få sendt mange på tur, konstaterer festivalsjefen godt nøgd.
Nettbasert auksjon
Kor mykje som til slutt hamnar i fondet avhengjer av resultatet frå auksjonen, men Høyme Rogn har tru på eit godt resultat.
– Dette er jo ei sjeldan sjanse til å få eit heilt unikt bilete det ikkje finst maken til på veggen. Kor stas er det vel ikkje å ha ein ekte Sivert eller Raga på veggen, for ikkje å snakke om ein ekte Tørstad & Co, smiler festivalsjefen.
For å nå ut til flest mogleg vart det bestemt at auksjonen skulle bli nettbasert, og det heile brakar laus på QXL.no onsdag klokka 12:00.
– Men om nokon er nyfikne før den tid er det fullt mogleg å ta ein sniktitt på bileta på våre heimesider eller Facebook, oppmodar Høyme Rogn.


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke