- Om me skal nå dei klimamåla me har sett oss og klare å redusere utsleppa våre, må alle bidra. Her har norske kommunar ei stor utfordring, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet støtter difor klimaprosjektet «Fra ord til handling: etablering av et regionalt prosjekt for taktskifte innan energieffektivisering lokalt og regionalt«i innlandsregionen med inntil 1,5 millionar kroner over tre år.
Energiråd Innlandet er eit samarbeid mellom Hedmark og Oppland fylkeskommunar og Eidsiva Energi AS. Kompetansesenteret skal fremje energieffektivisering om omlegging av energibruk i innlandet, og visjonen er at Innlandet skal vera karbonnøytralt innan 2030.
Prosjektet tek mellom anna sikte på å auke kompetansen hos politikarar i kommune og fylkeskommune, samt leiarar i administrasjonen kring energi- og klimatiltak.
- Eg vonar prosjektet i regi av Energiråd Innlandet vil ha stor overføringsverdi for offentleg arbeid med energieffektivisering både lokalt og regionalt, seier Navarsete.
Last ned søknaden frå Energiråd Innlandet.
Julegateåpning på Fagernes
Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Ta de ein bølle... SutreNils.
Staut på TV i kveld