Sør-Aurdal har i dag 44,4 kilometer med kommunale vegar som skal vedlikehaldast.
Rådmannen foreslår å kutte ut kommunal vinterbrøyting på dei private vegane Begna Bruk–Kverna (850 meter), Begna Bruk–Nybakke(1100 meter) og Steinsæter–Grosveen (2600 meter). Dette vil gi ei innsparing på 56.508 kroner.
I tillegg blir det foreslått at tre vegar på til saman 6.400 meter blir nedgraderte frå kommunale til private vegar. Det dreier seg om Dalen–Skaro (2.800 meter), Island-Høgemyr (2. 700 meter) og Tronrud–Island (900 meter). Denne nedgraderinga vil gi samla innsparingskostnader på til saman 260.601 kroner.
– Dette vil bety at ein får 317.109 kroner meir i året å bruke på vedlikehald av dei 38.053 meter med kommunal veg kommunen framleis vil ha ansvaret for etter omlegginga. Dette vil utgjera 8.342 kroner meir til vedlikehald per kilometer, heiter det i forslaget frå rådmannen.
Julegateåpning på Fagernes
Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Ta de ein bølle... SutreNils.
Staut på TV i kveld