Valdres låg bakpå i fyrste halvdel av 1. omgang, men så snudde det, og etter 25 minutt headar Bjørn Rudolf Øygard elegant ballen i mål etter frispark.
Valdres la seg bakpå i 2. omgang og såg ut til å ha kontroll.
Men etter 67 minutts spel oppstår det ein situasjon inne på femmeteren til Valdres. Kai Erik Rundbråten hoppar opp og tek ein ball i klypene. I neste sekund ligg både Rundbråten og midtstoppar Vetle Gullowsen på bakken.
– Eg kjente berre at eg fekk eit spark i låret som gjer skikkeleg vondt, og då eg vaknar opp att har dommaren blese straffe mot oss, seier Rundbråten, som stiller seg uforståande til straffa.
– Ein 50-50-situasjon, mann mot mann, seier Gullowsen, som heller ikkje meinte det var straffe.
Men ifølgje dommar Audun Fremstad skal Gullowsen ha brukt strake armar mot ein Lørenskog-spelar inne i feltet..
Etter dette går gnisten ut av Valdres-laget. Lørenskog får tre draumetreff på rad og dermed stod det 4-1 til heimelaget. Det var ein fortent seier over eit Valdres-lag som må skjerpe seg for å unngå nedrykk frå 2. divisjon.


Ta de ein bølle... SutreNils.
Staut på TV i kveld