Varaordførar Lars Kvissel (Sp), som fungerte som ordførar i denne saka, foreslo under tilvising til paragrafen om personvern i tilsetjingssaker i kommunelova at møtet skulle lukkast – noko kommunestyret slutta seg til. Avisa Valdres måtte derfor forlate salen.
Det har lenge vore kjent at Brenna har søkt jobben som skule- og kultursjef i Vestre Slidre, men det er ikkje laga offentleg tilgjengelege sakspapir i denne tilsetjingssaka. Saka vart i siste liten sett på dagsordenen som tilleggssak til kommunestyret denne veka.
Eivind Brenna, som også er medlem av fylkestinget og fylkesutvalet som representant for Venstre, har tidlegare sagt til avisa Valdres at han vil sitja perioden ut. Kommunestyret tilsette Brenna frå 1. januar 2011, men det er grunn til å tru at han vil søkje permisjon i stillinga fram til neste haust dersom han seier endeleg ja til skule- og kultursjefstillinga.
Det vil i så fall bety at Vestre Slidre må konstituere ein skule- og kultursjef i mellomtida ettersom noverande etatssjef Finn Helge Lyster tidlegare har gitt melding om at han går over i pensjonistane sine rekkjer frå 1. november.
Dersom Brenna seier ja til den nye jobben, får ein ny ordførar i Vestre Slidre frå neste haust.
Julegateåpning på Fagernes
Store og små stilte opp da julegatene på Fagernes skulle åpnes. Alle foto: Ingri Valen Egeland


Før reiste jeg bestandig på ferie i Norge, men etter disse Svindelstasjonene (eller bomstasjoner som nen kaller det ) vaks opp som paddehatter reiser jeg r
Reiseliv i nedoverbakke