Aasmund Nordstoga tek turen frå garden sin i Vinje, til Valdres og Jørn Hilme-stemnet. Han har dei siste åra meir enn nokon, lyfta fram den norske visetradisjonen.
Med visebuketten Friaren, viser Aasmund både fram folkemusikk, og gleda i visetradisjonen. I amfiet laurdagskvelden kjem vi til å få høyre kjende viser, som «Bukkevisa», «Ola Tveiten» og «Pål sine hønur».
Åtgaum
Aasmund Nordstoga har hausta åtgaum for begge platene sine. Friaren som kom i fjor, og Ein Visefnugg som kom i 2009. Friaren vart kalla ein konfekteske for viseinteresserte av platemeldarane.
Aasmund er på scena med store dosar humor og stø Vinjedialekt.
– Aasmund Nordstoga er ein artist vi verkeleg har ynskja oss på Jørn Hilme – stemnet, fortel fungerande dagleg leiar, Stian Roland.
– Sjølvsagt vil eg først og fremst underhalde - utan å gå på akkord med eigne musikalske ideal, seier Aasmund Nordstoga. Så når vi stiller på konsertscenen, frir vi meir enn gjerne. Eg vil svært gjerne få publikum til å syngje med, og «Friaren» har kanskje ein enda større allsongfaktor enn forgjengaren. Truleg sit fleire av songane, Prøysen og Jens Gunderssen så vel som fleire av folkevisene, enno fast i det norske, kollektive medvitet.
Aasmund har òg sine band til Valdres. På den fyrste plata, Ein Visfnugg, bidrog Marit Karlberg med både langeleik og song.
Hjartet av festivalen
Sumarkveld på Valdres Folkemuseum er kanskje hjartet av Jørn Hilme – stemnet. Med store artistar, drivande gamaldans, og høve til å trø springarsteg på alle slags golv. Dei vakre sumarkveldane fyller heile museumsområdet, med dyktige spelemenn, blide folk med og utan bunad, og elles agalaus stemning.
– Vi kan garantere liv og allsong når Aasmund set i med «Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør», seier Stian Roland.


Vi får håpe at politikerne i Nord-Aurdal tar tilbake makten.. Slik det er i dag, der administrasjonen styrer til egen vinning, hører ingen sted hjemme.. S
Møte om gymsalen i Aurdal