Ole Nedenes frå Arendal, driv Gullboden og har vore på Valdresmarken i snart 20 år. Han seld smykker i alle prisklasser og tilbyr i tillegg gratis polering og rens.
– Det har vorte ein livsstil. Ein opplever at kundane kjem tilbake år etter år og det er viktig å bygge seg opp eit godt rykte i denne bransja, seier Nedenes.
Arvid Karlsen frå Skien har med kona Lena Ekman og sel troll og kamillekrem.
– Kamillekremen hjelp mot blant anna leddsmerter og psoriasis. Vi produserar alt sjølve, både krem og troll.
Martin Alund kjem eigentleg frå Ulnes, men har bur i Telemark. Han sel ferske bakevarer som han lagar i vogna si.
– Det går i brød, lefser og wienerbrød. I tillegg sel eg treak som er produsert i Lomen av Ylve Gudheim
Marken opnar på torsdag og nytt av året er at Bergströms tivoli er ansvarlege for arrangementet.
– Vi vil gjere Valdresmarken til den folkefesten han skal vera. Det vert låge prisar og mykje gratis moro. Vi har sikra oss litt mot regn ved å ha eit serveringstelt med plass til 600 personar så det skal bli ei råd sjølv om vêret sler seg vrangt, lovar Peter og Magnus.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger