Arnfinn Beito er leiar for Øystre Slidre sau og geit og syns det gjekk lang tid før dei fekk fellingsløyve på skadedyra.
– Skadene vart meldt på syndagskveld og jervane vart observert. Dette tapet utgjer om lag 40 prosent av saueflokken til eigaren og fleire såg jerven. Det må vera enklare å ta ut rovdyra når ein er så sikker på kva som har skjedd. Ein jerv kan gjere mykje skade på nokre få timar, seier Beito.
Vurderte naudretten
Då «Valdres» prata med Beito på telefon, vurderte laget å nytte naudvergeretten for å ta ut skadedyra.
– Dersom vi får avslag, vil vi vurdere å ta lova i eigne hender. Det er greitt at miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen har makt, men det er politikarane som bestemmer retningslinjene, seier Beito.
Fekk fellingsløyve
Statens naturoppsyn må ta turen inn å sjå kadavera før ein fastslår at det er jerv som har vore syndaren. Det tek fleire timar å gå inn til Langsua og Fylkesmannen fekk stadfesta at jerven hadde teke to sauer fyrst kl 21.50 måndagskveld.
– Avstandane her er stor og folk frå SNO har gjort ein god jobb i å kartleggje at det er jerv som har teke sauene, seier Harald Klæbo i miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen. – No har vi gjeve rett til å ta ut ein jerv og vonar det vil vera nok til å stogge fleire sauer frå herjingane.
Berre to sauer
Jaktlaget får berre ta ut ein av dei to observerte jervane.
– Opplysningane vi har fått frå SNO stadfestar at to av sauene er tekne av jerv. Dei fem andre var umogleg å stadfeste fordi dei var nesten oppetne, seier Klæbo.
Kommunalt jaktlag
Eit kommunalt lønna jaktlag set no i gang med jervejakt i Langsua.
– SNO var i området kl 15 måndag og såg jerven i kikkert. Her kunne ein kjapt ha reagert og teke ut skadedyra, seier Beito. I staden må vi no organisere eit kommunalt jaktlag der kommunen tek utgiftene.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger