Leiar i sameiga, Arnold Skaar, leia demonstrasjonen og prata nokre kjappe ord med Solheim som måtte stogge bussen fordi folk blokkerte vegen ved Kruk.
– Han bomma litt når han trudde at jervesaka var grunnen til at vi stod her, fortel Skaar. – Saka dreiar seg om forvaltning av området i nasjonalparken. Vi har drive så bra at området har fått ein høg verdi. Premien for dette er at heile område blir teke vekk frå oss.
Trudde jerv var årsaka
Solheim trudde at den siste tida der jerv har teke sau i området, var årsaka til at han vart stogga.
– Dette syner kanskje litt om mangel på kunnskap kring temaet, seier Skaar.
Når Solheim var på Lenningen, uttrykte han forståing for grunneigarane sine synspunkt, men tok til orde for å gå inn i ein dialog.
– Vi veit at beite og stølsdrift har vore viktig for å bevare det økologiske- og biologiske mangfaldet i najonalparken. Dette vil vi syte for at held fram, sa Solheim.
Les meir i avisa «Valdres» på tysdag.


Pussig at et av verdens rikeste land ikke har råd til å vedlikeholde vegnettet eller bygge noen skarve kilometer nyveg uten at borgerne skal punge ut med s
32 kroner og 64 kroner i bompenger